76,63 prosent av dei frammøtte røystene sa ja til å leggje RAK Petroleum sine oljelisensar i Midtausten inn i DNO International, i bytte mot at RAK Petroleum får auke sin aksjepost frå 30 til 40 prosent. 23,37 prosent stemte nei. RAK Petroleum fekk dermed det naudsynte to tredjedels fleirtal.

Småaksjonærane i det såkalla DNO-initiativet, som kontrollerer omlag 10 prosent av aksjane, skifta i helga side og støtta samanslåinga.

Dermed rauk alliansen med tidlegare styreleiar Berge Gerdt Larsen og Petrolia, der Larsen er styreleiar og storaksjonær. Larsen/Petrolia eig cirka 4,5 prosent av aksjane, og utgjorde saman med DNO-initiativet eit stort trugsmål mot samanslåinga.

Larsen/Petrolia har i lang tid kjempa mot samanslåinga. Grunngjevinga er frykt for at oljelisensane til RAK Petroleum vil forringe verdiane for resten av aksjonærane i DNO International.

Over 250 aksjonærar møtte fram på generalforsamlinga. Tilsaman representerer dei 63,23 prosent av alle aksjane i DNO International.