Rocksource har eit lån på 182,5 millionar kroner som skal betalast 4. mai neste år. Lånet er eit obligasjonslån, der renta ofte er høgare enn vanlege banklån, og der långivarane er bedrifter, finansinstitusjonar og andre investorar.

Rocksource sitt framlegg var at långivarane skulle få 50 millionar kroner no, i bytte mot å utsetje attendebetalinga av resten til 4. mai 2013.

På eit långivarmøte i dag måtte Rocksource ha 66,67 prosent av røystene med seg, men fekk berre 60 prosent.

— Vi hadde håpa på eit anna utfall, vi har jo fleirtal, men ikkje stort nok, seier administrerande direktør Trygve Pedersen i Rocksource.

Framskunde sal

Rocksource treng pengar for å finansiere meir leiteboring. Utsetjinga av nedbetaling av lånet var ein måte å skaffe desse pengane på. No kan selskapet bli tvinga til å selje seg ut av funn og rettar til å leite etter olje og gass raskare enn planlagt.

Rocksource eig mellom anna ein part i gassfunnet Norvarg i Barentshavet og oljefeltet Trident i Mexicobukta.

Men leitesesongen 2011 har vore skuffande. Fire tørre brønnar og gassfunnet Norvarg er resultatet. Aksjekursen har rast ned over 90 prosent i verdi sidan årsskiftet. I dag blei ein ny dårleg dag. Kursen fall straks meldinga kom om at planen om utsetjinga av lånet blei stoppa, og enda på 22 øre pr. aksje. Det er eit fall på 12 prosent, og ny botnrekord for selskapet.

200 millionar

Pedersen avviser at selskapet har hastverk.

— No skal vi ikkje gløyme at vi framleis har pengar til å drive, seier han.

Ifølgje selskapet vil det ha kring 200 millionar kroner i likvidar (kontantar og raskt omsetjelege verdiar) ved årsskiftet.

Etter nederlaget i dag vurderer selskapet både å leggje fram eit nytt framlegg for långivaren og å framskunde sal av verdiar.

INGEN PANIKK: Administrerande direktør Trygve Pedersen meiner at selskapet hans framleis har god tid på seg til å skaffe pengar. ARKIVFOTO: HELGE SUNDE