Høg laksepris gir ei kraftig betring i resultatet for dei børsnoterte oppdrettsselskapa. Marine Harvest auka overskotet før skatt frå 354 til 798 millionar kroner frå først kvartal 2009 til først kvartal i år.

Konkurrenten Salmar aukar overskotet før skatt frå 36 millionar kroner i første kvartal i 2009 til 377 millionar kroner i første kvartal i år.

Salmar skriv i si børsmelding at lakseprisen i første kvartal i år ligg 5,50 kroner høgare enn i same periode i fjor. I region Midt-Noreg, der Salmar har den aller beste innteninga, er driftsoverskotet pr. kilo sløyd fisk 13,53 kroner.