• No må ein berre strupe inn, seier lakseoppdrettar Erlend Haugarvoll i Lingalaks.

Lakseprisen fall denne veka til 21,28 kroner pr kilo. Oppdrettarane har ikkje fått så lite for laksen sidan seinhausten 2007 (sjå grafikk).

— Tener de pengar med ein slik pris?

— Nei, det gjer vi ikkje. I dag er det ikkje nokon som tener pengar, seier Haugarvoll.

Det familieeigde selskapet i Hardanger gjekk med 32 millionar kroner i overskot i fjor, og har som resten av oppdrettsnæringa kunne glede seg over høge prisar i fleire år. I fjor vart det eksportert laks for over 30 milliardar kroner frå Noreg, og oppdrettarane sat att med ei overskot på rundt 12 milliardar kroner.

Så seint som i vår var prisen over 40 kroner pr. kilo. Deretter har prisen vore i fritt fall, mellom anna fordi oppdrettarane i Chile så smått er i ferd med å auke produksjonen og fordi det blir slakta meir i Noreg.

Stigande kostnader dei siste åre, mellom anna for å hindre rømming, og for å halde lakselus i sjakk, gjer at oppdrettarane må tene meir enn før for å drive med overskot.

— Vi må nok mellom tre og fem kroner opp, seier Haugarvoll.

Spådommar om at prisane kan bli liggjande lågt også inn i 2012 får Haugarvoll til å bli meir varsam med investeringane.

— No må ein berre strupe inn det ein kan, for å få reservane til å vare lengst mogleg, seier han.

Oppdrettar Ola Braanaas i Firda Management i Gulen meiner mange mindre og mellomstore oppdrettsselskap har bygd opp så store reservar at dei kan tole dagens prisar i fleire år.

— Viss det oppstår problem så vi dei oppstå hos dei store selskapa. Marine Harvest har, som eit døme, vore relativt romslege med utbyttebetaling die siste åra, seier Braanaas.

laks ny.jpg