• HALLO I BÅSEN: Nesten to av ti norske mjølkekyr må behandlast for jurbetennelse kvart år, og i fjor måtte 85 tankbilar tømme mjølka i sluket på grunn av antibiotika. Meierigiganten Tine trøystar seg med at dette er gode tal samanlikna med bransjen i Europa elles.

Kyr på medisinar gav dårleg mjølk

Tine måtte i fjor kaste 1,3 millionar liter mjølk på grunn av for høgt innhald av antibiotika. Meierigiganten hevdar likevel at medisinbruken ikkje utgjer nokon risiko for kundane.