Kuttar ut ADSL-kundar
BKK kvittar seg med 11.500 privatkundar som får breiband via ADSL. - Vi vil heller byggja ut eige fibernett, seier Atle Neteland.
- Publisert: 02.nov.2009 23:19
- Oppdatert: 03.nov.2009 16:59
- Å tilby breiband over Telenor sine kopartrådar har rett og slett vore dårleg
butikk. Derfor sel vi no kundeporteføljen, som i tillegg til privatkundane
også består av eit par hundre bedriftskundar, seier konsernsjef i BKK, Atle
Neteland (biletet).
Styret i BKK godkjende salet sist torsdag, og det var full semje.
Forhandlar med ein kjøpar
- Talet på ADSL-kundar har gått jamt ned etter at fiberutbygginga kom i gang.
Vi støttar vedtaket om sal, fordi vi trur det er rett heller å satsa på
fiber. Talet på Altibox-kundar, som får breiband, telefon og TV over fiber,
aukar jamt og trutt, seier Svein Davidsen, styremedlem vald av dei tilsette.
Owe Hagesæther, viseadm. direktør i BKK Marked, seier at dei etter ein salsprosess med fleire tilbydarar no har gått i eksklusive forhandlingar med ein potensiell kjøpar.
- Eg håpar vi har salet på plass i løpet av november. Før det kan eg ikkje seia noko om pris. Ingen tilsette vil bli ramma. Vi har brukt rundt ti årsverk på ADSL. Desse vil få tilbod om anna arbeid i BKK, seier Hagesæther.
Omstridd fibersatsing
BKK har sidan 1990-talet tilbydd fiberløysingar til bedriftsmarknaden. Til
forbrukarmarknaden kom utbygginga først i gang for få år sidan.
- Vi meiner det er her framtida ligg. Folk vil ha stadig breiare breiband, og det er berre fiber som kan gje skikkeleg bandbreidd, seier Atle Neteland.
Denne strategien har i det siste møtt sterk motbør blant eigarane. Både Statkraft, som eig nesten halve BKK, og Bergen kommune, som er den andre storeigaren, har teke til orde for at BKK bør konsentrera seg om kjerneverksemda, som er produksjon og distribusjon av elektrisk kraft.
Fleire hundre millionar
- Vi har stor tru på fiber som ei moderne form for å transportera
teletenester, og trur det kan bli god butikk. Difor håpar vi på ja frå
eigarane våre til å halda fram med den strategien, seier Neteland.
På styremøtet i mai i år gjekk Statkraft sine folk mot vidare fiberutbygging mot privatmarknaden. Seinare sa dei likevel ja til at dei planlagde investeringane i år kunne gjennomførast.
BKK har allereie investert for fleire hundre millionar kroner i fiberkabling mot private husstandar i Bergen og nabokommunane.
Har du erfaring med fibernett? Diskuter saka her.
Kommentarer
BKK suger max
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Nå kan vi helt sikkert regne med å betale mere for bredbåndet vårt.
BKK, får vel ikke nok penger i pungen av oss.
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
DataGuard AS foran svenske NextGenTel ANY day!
RE: Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
RE: Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
RE: Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
NextGenTel er jo i høyeste grad lokal med hovedkontoret i Bergen. Om de har svenske eiere, så skatter de fortsatt til Bergen Kommune og den Norske Stat.
Din kommentar
Søk i skattelistene Topplister
Fakta om BKK
- Statkraft eig 49,9 prosent i BKK.
- Bergen kommune er nest største eigar med 37,75 prosent.
- 16 andre hordalandskommunar eig resten
- Både Statkraft og byrådet i Bergen har vore skeptiske til BKKs vidare utbygging av breiband.
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Thon-hotell stengt etter konkurs
- En stor overraskelse, sier investor Eirik Hokstad.
-
UKEN fikk en ekstra K
Det ble visst for fristende å legge til en K i «UKEN». Morsomt? Si din mening!
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 20:39 Vogntog skaper køer i Åsane
- 20:17 Klar mot Viking
- 20:17 Bergens svar på Copperfield
- 19:33 80 millioner i mobilbøter
- 19:22 Hamstrer vann i Loddefjord
- 19:19 Scoring etter 95 sek.
- 19:05 Må bryte en «forbannelse»
- 18:30 Fikk du med deg dette?
- 17:33 Mangler åtte meter snø
- 17:24 Brannslokking fra PR-byrå
Webkamera
Søk i skattelistene
Siste lokalt
-
Vogntog skaper køer i Åsane
Spinner på glatten på E39.
-
Bergens svar på Copperfield
Magiske
Mikael fra Åsane er en av landets fremste illusjonister.
2
-
Hamstrer vann i Loddefjord
Kokeråd i Bergen vest skaper vannkø i butikkene.

























































Siste Kommentarer
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Diskuter: Kuttar ut ADSL-kundar
Se alle innlegg