Kuttar ut ADSL-kundar

BKK kvittar seg med 11.500 privatkundar som får breiband via ADSL. - Vi vil heller byggja ut eige fibernett, seier Atle Neteland.

- Å tilby breiband over Telenor sine kopartrådar har rett og slett vore dårleg butikk. Derfor sel vi no kundeporteføljen, som i tillegg til privatkundane også består av eit par hundre bedriftskundar, seier konsernsjef i BKK, Atle Neteland (biletet).

Styret i BKK godkjende salet sist torsdag, og det var full semje.

Forhandlar med ein kjøpar
- Talet på ADSL-kundar har gått jamt ned etter at fiberutbygginga kom i gang. Vi støttar vedtaket om sal, fordi vi trur det er rett heller å satsa på fiber. Talet på Altibox-kundar, som får breiband, telefon og TV over fiber, aukar jamt og trutt, seier Svein Davidsen, styremedlem vald av dei tilsette.

Owe Hagesæther, viseadm. direktør i BKK Marked, seier at dei etter ein salsprosess med fleire tilbydarar no har gått i eksklusive forhandlingar med ein potensiell kjøpar.

- Eg håpar vi har salet på plass i løpet av november. Før det kan eg ikkje seia noko om pris. Ingen tilsette vil bli ramma. Vi har brukt rundt ti årsverk på ADSL. Desse vil få tilbod om anna arbeid i BKK, seier Hagesæther.

Omstridd fibersatsing
BKK har sidan 1990-talet tilbydd fiberløysingar til bedriftsmarknaden. Til forbrukarmarknaden kom utbygginga først i gang for få år sidan.

- Vi meiner det er her framtida ligg. Folk vil ha stadig breiare breiband, og det er berre fiber som kan gje skikkeleg bandbreidd, seier Atle Neteland.

Denne strategien har i det siste møtt sterk motbør blant eigarane. Både Statkraft, som eig nesten halve BKK, og Bergen kommune, som er den andre storeigaren, har teke til orde for at BKK bør konsentrera seg om kjerneverksemda, som er produksjon og distribusjon av elektrisk kraft.

Fleire hundre millionar
- Vi har stor tru på fiber som ei moderne form for å transportera teletenester, og trur det kan bli god butikk. Difor håpar vi på ja frå eigarane våre til å halda fram med den strategien, seier Neteland.

På styremøtet i mai i år gjekk Statkraft sine folk mot vidare fiberutbygging mot privatmarknaden. Seinare sa dei likevel ja til at dei planlagde investeringane i år kunne gjennomførast.

BKK har allereie investert for fleire hundre millionar kroner i fiberkabling mot private husstandar i Bergen og nabokommunane.

Har du erfaring med fibernett? Diskuter saka her.

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

  • Statkraft eig 49,9 prosent i BKK.
  • Bergen kommune er nest største eigar med 37,75 prosent.
  • 16 andre hordalandskommunar eig resten
  • Både Statkraft og byrådet i Bergen har vore skeptiske til BKKs vidare utbygging av breiband.

Relaterte bilder

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger