Selskapet legg investeringar for 600 millionar kroner på is.

Marine Harvest svarar og på den store veksten lakseproduksjonen med å sette ut færre fisk i sjøen enn planlagt i 2011 og 2012.

Marine Harvest er det størst laksoppdrettselskapet i verda, og sel mykje av laksen på langsiktige kontrakter, der prisen er bunden opp i førevegen.

Det bremsar verkande av prisfallet på laks, som starta tidleg i vår. Lakseprisen er meir enn halvert på eit halvt år, og låg sist veke under 20 kroner pr. kilo.

Marine Harvest fekk eit underskot før skatt på 55 millionar kroner i tredje kvartal i år, mot eit overskot på 941 millionar kroner i same periode ifjor.I årets ni første månader hadde selskapet driftsinnekter på 11,9 milliardar kroner, og eit overskot før skatt på 1,2 milliard. Tilsvaande tal for 2010 var 11,7 og 2,7 milliardar kroner.