Ein nedsliten og overfylt ungdomsskule. Brotne skuleløfte. Ein halvferdig bypark. Sommarplenklipp, gatelys og vedlikehald på sparebluss. Kutt i pleie og omsorg.

Dette har skjedd midt i ein periode med blømande næringsaktivitet, privat velstand og solid tilflytting.

Med ei gjeld på 350 millionar kroner og eit underskotsetterslep på 13 millionar er Stord på statens svarteliste, og må ha spesialgodkjenning for nye låneopptak.

På Heiane sit bilhandlar Kjell Fylkesnes og smiler i barten over eit strålande Mercedes-sal, med 30-40 køyretøy i luksussegmentet i bestilling.

— Det er knakande gode tider i distriktet, næringslivet går så det kostar etter, folk har arbeid og pengar, seier bilhandlar Kjell Fylkesnes.

På Stord ungdomsskule - med snart 600 elevar og dermed ein av landets største - merkast dagleg den offentlege fattigdommen, med overfylte klasserom, korridorar brukt til undervisning og lange matkøar.

— Politikarane burde vore her og sett korleis me har det. I 2003 lova dei ny skule, men ingen ting har skjedd. Hadde det ikkje vore for at lærarane gjer det beste ut av situasjonen og at elevane hjelper kvarandre, ville me ikkje greidd oss, seier elevrådsleiar Marte Vedøy Henriksrud (16).