Under høyringa om problema på Florida sjukeheim onsdag kom det fram at hovudarkitekten bak PWC-rapporten om sjukeheimen var gift med bystyrerepresentant Anette Strand frå Høgre.

Det kom òg fram at PWC-revisoren Øistein Jensen hadde vore med på å utarbeide andre rapportar for byrådet, mellom anna ein rapport for ny organisering av Torget.

No krev Arbeidarpartiet i eit brev til byrådsleiar Monica Mæland (H) at byrådet legg fram ein oversikt over alle rapportar og oppdrag Jensen har vore involvert i.

— Ganske uvanleg

— Det synest eg det er naturleg å be om. Og det som var litt spesielt er at det, så vidt vi kan sjå, ikkje står noko i Florida-rapporten om kven som har vore forfattar. Det er ganske uvanleg, seier Aps gruppeleiar i bystyret, Harald Schjelderup.

- Kva rolle spela denne rapporten for saka om Florida sjukeheim?

— Den har vore ein viktig for avgjerdsgrunnlaget byrådet hadde i saka, seier han.

Viser til jusprofessor

Schelderup legg vekt på at dei ikkje er kritisk til Strand eller Jensen, og heller ikkje trekkjer Jensens faglege dugleik i tvil.

— Men i slike viktige rapportar bør det ikkje vere grunnlag for å stille tvil om uavhengigheita til rapporten, seier han, og viser til at jusprofessor Jan Fridtjof Bernt i dagens BA er kritisk til habiliteten i denne saka.

— Då er det naturleg å få høyre vurderinga til byrådet, både av denne konkrete saka og andre rapportar Jensen har vore involvert i, seier han.

HØGREPOLITIKAR: Ektemannen til Anette Strand (H) har vore hovudarkitekten bak PWC-rapporten om Florida sjukeheim. Ap krev oversikt over alle rapportar Øistein Jensen har vore involvert i.