Onsdag vart den 52 år gamle reinhaldsaktøren frå Sri Lanka fengsla i ytterlegare fire veker med brev— og besøksforbod. Mannen har vore fengsla i fleire månadar og er sikta for melllom anna grov menneskehandel.

Retten meiner det framleis er stort sannsyn for at reinhaldsaktøren kjem til å øydeleggja prov, dersom han sleppast fri.

Det er særskilt i høve broren at retten mistenkjer dette.

— Saka gjeld alvorleg arbeidsmarknadskriminalitet der ressurssvake menneske synast å ha vore grovt utnytta over lengre tid. Hordalandspolitiet prioriterer saka høgt, seier politiadvokat Rudolf Christophersen.

Tatt av «Nina»

Sjølv kravde den 52 år gamle mannen lauslating, og viste til forpliktingar utanfor fengselet.

Mellom anna vart huset hans skada under stormen «Nina». I tillegg skal han ha hatt behov for legehjelp, samt fakturering og betaling av rekningar.

I retten konkluderte dommaren at dette er høve som forsvararen kan hjelpa han med. Når det gjeld helseproblem, kan det takast opp med helsepersonell i fengselet, påpeika han i orskurden.

«Modus med å utnytte»

Det var i oktober i fjor at mannen vart arrestert. Politiet hadde spana på han i lang tid. Ein annan mann vart også fengsla og sikta for grov menneskehandel. Han er no sleppt fri, men framleis sikta.

Etter det førre rettsmøtet, anka 52-åringen fengslinga til Gulating lagmannsrett - utan hell.

Lagmannsretten avviste anken og skreiv mellom anna at reinhaldsaktøren har eit «modus med å utnytte sårbare og/eller ressurssvake personar», og at særleg broren er svært mottakeleg for påverknad frå den sikta.

Innrømmer mykje

I utgangspunktet vart mannen frå Sri Lanka sikta for grov menneskehandel, men politiet si etterforsking har utvida siktinga betydeleg.

Forutan grov menneske handel, er han sikta for trygdebedrageri, kvitvasking/grovt heleri av eit større pengebeløp, ulovleg bruk av asylsøkjarar utan arbeidsløyve, husing av personar utan lovleg opphald og brot på skatte— og bokføringslova.

Les også:

Det har ikkje lukkast BT å få kontakt med mannen sin forsvarar, men 52-åringen har vedgått alle høve utanom menneskehandel og trygdebedrageri.

På kundelista til reinhaldsaktøren, stod fleire restaurantar og utestader. Verksemda var mellom den mest brukte innan desse segmenta i byen.

— Det står att ei rekkje avhøyr av personar som har jobba i reinhaldsselskapa som den sikta har drive, og personar som har vore registrert som arbeidarar i selskapa utan faktisk å ha jobba der, seier politiadvokat Rudolf Christophersen.

Ei krone i timeløn

Frå tidlegare er det kjent at mannen kan ha utnytta asylsøkjarar, sin eigen bror og andre for minst fire millionar kroner.

Mellom anna skal ein av arbeidarane, ein asylsøkjar, fått ei krone i timen i løn. Ifølgje politiet brukte han dagane til å vaska, gjerne 50 til 80 timer i veka. Utvask, nedvask og butikkvask.

— Han gjer meg arbeid, men han får liksom løna. Han ordnar det. Det er ikkje noko avtale når eg går i gang, forklarte ein annan asylsøkjar i retten i haust.

Politiet har tidlegare meint at saka vil vera ferdig etterforska først til sommaren. Mellom anna får dei bistand frå ein revisor frå Skatt Vest og dei planlegg avhøyr av 40- 50 personar til.