Idéen om eit flytande kraftverk på Bergen hamn får politisk støtte i både Bergen og Hordaland, og no kjem pengane som kan vidareutvikla batteri— og gasskraftteknologien som kan erstatta forureinsande skorsteinsrøyk frå skip ved kai.

— Dette prosjektet er topp aktuelt i forhold til fylket vårt. Maritim næring er ei av våre viktigaste, det samme er satsing på miljøteknologi og reduksjon av klimautslepp, seier Ruth Grung (Ap), som i Hordaland fylkesutval torsdag vil etterlysa ei løyving på ein million kroner til eit forprosjekt som fylkespolitikarane tidlegare i år har signalisert støtte til.

Skal finna dekning

— Vi har ikkje konkludert, men behandlar søknaden no. Med bakgrunn i positive politiske signal reknar eg med at vi skal finna dekning på årets budsjett, seier Arthur Kr. Arnesen, seniorrådgivar i Hordaland fylkeskommune si næringsavdeling.

Løyvinga frå fylket vil etter planen også utløysa 750.000 kroner i prosjektmidlar frå Bergen kommune. I sommar løyvde Bergen og Omland Havnevesen 250.000 kroner til forprosjektet, som no går i regi av Hordaland Maritime Miljøselskap AS, eigd av initiativtakar Eidesvik Offshore, Sparebanken Vest, Grieg International og Coast Center Base (CCB).

- Fortgang

— Byråden har i utgangspunktet vært positiv til å støtte prosjektet. Søker har fått tilbakemelding om at beløpets størrelse er betydelig, og at et eventuelt tilskudd fra Bergen kommune vil bli samordnet med fylkeskommunen. Det vil bli tatt kontakt med fylkeskommunen for å få fortgang i avklaringen av søknaden, var svaret Lisbeth Iversen - byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen - gav 27.oktober på eit spørsmål frå Ruth Grung (Ap).

— Dette er eit miljømessig stjerneprosjekt som kan bli Bergens utstillingsvindauge mot verda. Store hamnebyar som Rotterdam og Los Angeles er blant dei som har vist interesse for prosjektet, seier dagleg leiar Ove Lunde og Nelson Rojas i interesseorganisasjonen HOG Energi i Hordaland.

Blanda teknologi

Parallelt med Bergen hamn-prosjektet har Hordaland Maritime Miljøselskap fått tilskot frå Norges Forskningsråd til vidareutvikling av sjølve kraftbåt-teknologien, som baserer seg på ei blanding av brenselceller, batteri, gass- og dampturbinar.

Eidesvik Offshore har internasjonalt gått i spissen for ei omlegging frå diesel- til gassdrivne supplybåtar, og sjøsette i 2009 gassfartøyet "Viking Lady", som samstundes er blant verdas første skip der det blir prøvd ut framdrift ved hjelp av energien frå eit utsleppsfritt brenselcelleanlegg.

Målet med Bergen hamn-prosjektet er halvert CO2 og null utlslepp av NOx og partiklar i forhold til dagens teknologi for maritim kraftproduksjon.

I Bergen er det rekna med at dieselmotorar og -straumaggregat i skipsfartsnæringa står for ni prosent av nitrogendioksid(NOx)-utsleppa, som er ein vesentleg bidragsytar til det såkalla giftloket over Bergensdalen på stille vinterdagar.

HYBRID: Inni dette gassdrivne spesialfartøyet er det planlagt ein 12 megawatt kraftstasjon basert på batteri-, brenselcelle-, gass- og dampteknologi som store skip ved kai i Bergen kan kopla seg til.Illustrasjon: Wärtsilä Ship Design