Interiør-Snekkeriet i Sandviken krev Knut Jørgen Hauges selskap Zachariasbryggen AS konkurs, fordi dei ikkje har fått betaling for ei rekkje oppdrag på restauranthuset i fjor.

Kravet er på rundt 3,5 millionar kroner.

I dag møttest partane i retten. Snikkarbedriftas advokat Torbjørn Gjelsvik brukte over to timar på å fortelje retten at motparten i hovudsak ikkje var usamd i krava, og at selskapet til Hauge var ikkje har pengar til å betale og difor må slåast konkurs.

Etter lunsj bad Hauges advokat Vidar Kleppe om eit møte på dommarrommet med motparten og dommaren. Ti minutt etterpå kom dommar Eva Macody Lund ut og fortalde at saka er utsett.

No har partane frist til 17. september for å kome fram til eit forlik.Hauge seier partane er samde om å ikkje kommentere saka, medan styreformann Bjørn Aasen i Interiør-Snekkeriet svarar slik når vi spør han om han no får pengane sine:

— Vi får sjå.