Stadig meir av inntektsveksten til kommunene går til å betale pensjonspremiar. Nye utrekningar som KS legg fram i dag viser at pensjonspremiane i år kan auke med nærmare 35 prosent.

Det betyr at utgiftene til pensjonar vil bli sju millardar kroner meir enn staten har føreset i sine overføringar til kommunene. Dette er utgifter kommunene langt på veg må finansiere sjølve, og som dermed går ut over skular, eldreomsorg og andre tilbod i kommunane.

Betre blir det ikkje neste år, ifølgje KS-rapporten «Bølger som truer kommuneøkonomien», som blir lagt fram i dag:

«Kommunesektoren vil i årene framover måtte bruke en stadig større del av inntektene sine på pensjon», skriv dei.

bt.no kjem tilbake med meir