Statoil-rapporten hoppar bukk over fleire viktige spørsmål om kvifor gass strøymde ukontrollert opp frå brønnen 19. mai i år, meiner Petroleumstilsynet.

Det kjem fram i eit brev frå tilsynet til Statoil, i samband med at Petroleumstilsynet la fram sin rapport om hendinga i går.

89 personar vart evakuert, og produksjonen vart ikkje teken opp att før etter to månader.

Statoil sin eigen rapport om hendinga, som kom for to veker sidan, konkluderte med at det gassmengda var så stor at plattforma kunne tatt fyr.

Kunnskap tapt

Petroleumstilsynet meiner mangelfullt arbeid frå Statoil sitt eige granskingsutval gjer at viktig kunnskap om ulykka går tapt.

Her er tilsynet sine viktigaste ankepunkt mot Statoil-granskinga:

  • Det vart ikkje vurdert kva for barrierar mot ei utblåsing som verka. Det gjer at kunnskap om kva som hindra at hendinga i å bli meir alvorleg ikkje blir kjent.
  • Statoil har berre vurdert roller og ansvar frå utblåsinga starta, og ikkje før. Det gjer at årsaker til utblåsinga ikkje blir klarlagt.
  • Årsaker knytt til styring, leiing og andre organisatoriske tilhøve er ikkje drøfta i særleg grad. Det gjeld til dømes manglande ressursar, tidspress, omorganisering, stor utskifting av personell og mangelfull opplæring. Konsekvensen kan bli, meiner tilsynet, at viktige tiltak for å betre tilhøva ikkje blir funne.
  • Statoil si gransking konkluderer med at risikovurderinga er mangelfulle, utan å gjere det klart korleis, og utan å kome med framlegg om kva som bør gjerast.
  • Statoil manglar kunnskap om kor mykje gass som lak ut og kor stor faren var for at gassen skulle ta fyr.

Statoil lovar betring

— Avvik og tiltak i Petroleumstilsynet sin tilsynsrapport er i all hovudsak samanfallande med funn i vår eigen granskingsrapport av hendinga. Tilsynsrapporten peikar i tillegg på at årsaker som ligg til grunn for ulykka bør vurderast nærare. Desse vurderingane vil bli teke vare på i den vidare oppfølginga av hendinga, seier Øystein Michelsen, konserndirektør for norsk sokkel i Statoil.