Heile fire vindmølleparkar skulle kommunestyret i Gulen ta stilling til torsdag, men det enda med at berre eitt fekk fleirtal.

— Det vart fleirtal for Brosviksåta, først og fremst fordi det ikkje er same konfliktnivået der som dei andre, seier ordførar Hallvard Oppedal (Sp), som sjølv stemte nei til utbyggingane.

Brosviksåta er området der Gulen fjernsynssendar ligg i dag. I tillegg er det allereie bygd ut med ein god del vegar. Der har altså Agder Energi no fått støtte frå kommunestyret for å byggje inntill 52 vindmøller på eit 15 kvadratkilometer stort område.

Årsproduksjonen vil svare til forbruket for 11.000 husstandar.

Droppa den minste utbygginga

Den minste utbygginga, Setenesfjellet, vart avvist av kommunestyret i 2008. Høgre og Frp ville ha saka opp på nytt, men vart avvist av resten av kommunestyret.

Dei to partia vart òg åleine om å støtte den største utbygginga, Dalsbotnefjellet. Eit planlagt anlegg med inntill 38 turbinar på Sandøy vart òg nedstemt.

Høyringsuttalen frå kommunestyret skal no vidare til NVE, som avgjer saka. Ordførar Oppedal reknar likevel med at dei vil følgje rådet frå kommunen sjølv.

— Eg trur NVE held det dei har sagt, at dei ikkje vil byggje ut der kommunane sjølv ikkje vil, seier han.

Sett pris på vedtaket

Ola Braanaas, som driv den ærverdige handelsstadenSkjerjehamn, sa i torsdagens BT at han truleg ville stenge vissvindmølleplananen i nabolaget vart vedtekne.

— ForSkjerjehamn som stad er det Setenesfjellet som har vore viktigast. Det liggkloss opp i. Så vi set pris på at kommunestyret no har avvist den saka, i trådmed vedtaket dei gjorde i 2008, seier han.

Han meiner det er synd om Brosviksåta blir utbygd, fordi denvindmøllene på fjellet ved inngangen til Sognefjorden vil bli synleg langtunna. Men det er likevel ikkje så dramatisk at han vil stengje butikken.

— Nei,vi har tenkt å vere her, seier han.

MILJØVENNLEG STRØM: Vindmøllene på fjellet Mehuken ut mot storhavet i Vågsøy. ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM