Etter å ha sikra seg nye kontraktar verd 14 milliardar kroner på to veker, har Kværner Stord bestemt seg for å fjerna den 54 år gamle Goliat-kranen — det blå landemerket ved industrihallane på Kjøtteinen utanfor Leirvik - for å erstatta han med ein ny og større koloss. Dette blir største enkeltinvesteringa i eit oppgraderingsprogram for 250 millionar kroner for dei neste to åra. Petter J. Flatås gler seg til å blir kjent med ei ny krankjempe.

— Gamle Goliat-en er grei, den, men det er flott at det blir satsa stort på anlegget her, seier Flatås og leiar for kranoperasjonar på verftet, Helge Helland.

Forventar vekst

Med utsikter til ei rekkje nye prosjekt i marknaden både til havs og på land fram mot 2020, ser Kværner det som avgjerande viktig å ha eit verftsanlegg med god kapasitet og kvalitet.

— I tillegg til å ha vunne nokre store kontraktar, forventar vi samstundes vekst i kjernemarknaden vår i åra som kjem. For å styrkja konkurranseevna ytterlegare, er det viktig med oppdatert anlegg og utstyr, seier Lars Eide, konserndirektør i Kværner og sjef for offshoreverftet på Stord.

— Investeringane vil vera eit vesentleg bidrag til å auka kapasiteten og sikra feilfrie prosjektgjennomføringar, seier han.

I tillegg til ny brukran, skal verftet investera i såkalla multihjulvogner for transport av store seksjonar. Dessutan skal moloen forlengjast og kontor- og garderobeanlegga oppgraderast.

- Kjempebra

— Kjempebra at det no blir gjort store investeringar på Stord. Det demonstrerer ei tru på verftets konkurranse- og prosjektgjennomføringsevne i mange år framover, seier Rune Rafdal, konserntillitsvalt i Kværner.

Den nye Goliat-brukranen som skal vera klar til bruk om knappe to år, får ein løftekapasitet på 800 tonn - meir enn dobbelt så mykje som dagens Goliat. Sistnemnde kom til dåverande Stord Verft i 1969 som 11-åring for å delta i bygginga av Hilmar Rekstens supertankskip «Kong Haakon» og «Aurelian».

Nye Goliat

Nye Goliat får eit 153 meter breitt operasjonsområde, 28 meter meir enn gamlekranen, og vil trona 115 meter til vêrs. Han skal vera klar i tide til løft av modular til Edvard Grieg-plattforma sitt dekk. Før pensjonering skal gamlekranen oppgraderast og nysertifiserast for bruk i to år til. Siste oppdrag blir dermed samanstilling av modular til Eldfisk-dekket som Kværner Stord så smått har teke til å sveisa på.

Startar i sommar

— Den eksisterande kranen dreg på åra, og har vist seg å vera ein avgrensande faktor for fullt ut å utnytta potensialet i anlegget på Stord. Den nye kranen vil gjera det råd å gjennomføra to plattformdekk-prosjekt i parallell, mot eitt i dag, seier Lars Eide.

Førebuande aktivitetar er alt i gang på verftsområdet. Grunnarbeidet for å utvida kranen sin skinnegang og for å forlengja moloen er venta å starta i sommar.