I 46 år dreiv Terje Lønne familiebedrifta Lönne Scandinavia, og fekk i vinter seld livsverket. Etter det Bergens Tidende erfarer har 73-åringen tent rundt 300 millionar kroner på salet, som skjedde i to omgangar.

No har Lønne bestemt seg for å investere delar av frukta frå livsverket sitt i næringseigedom.

Bakgrunn:

Trur på kraftig utvikling

Gjennom selskapet Lønne-Eiendom har han kjøpt fire nyutvikla eigedommar som alle ligg i Haukås næringspark utanfor Bergen. Til saman har han investert i 16.000 kvadratmeter næringsareal, til ein samla pris på 225 millionar kroner.

Transaksjonen blei sluttført sist måndag.

— Bakgrunnen til desse investeringane er delvis relatert til dette spesifikke prosjektet, men også fordi eg ser at Bergen kjem til å få ei kraftig utvikling i åra som kjem, seier Lønne.

Han meiner Haukås er eit attraktivt område på bakgrunn av det nye vegkrysset i Vågsbotn som er i ferd med å bli ferdig.

— Vidare trur eg dette kjem til å bli ein viktig kommunikasjonsveg nordover frå Bergen i mange år. Dette er ei gunstig lokalisering, meiner han.

Les også:

Rolegare forretningsliv

Etter å ha dedikert livet sitt til å byggje opp selskap, ønskjer Lønne no eit rolegare pensjonistliv. På grunn av alderen er det difor meir attraktivt i å investere i mindre risikofylte prosjekt, som nettopp eigedom, meiner han.

— Å investere i eigedom har heilt klart ein samanheng med at eg no har nådd pensjonsalder. Eg vil absolutt unngå å bli for travel, seier Lønne.

Han tykkjer det er i dag er låg risiko involvert i å investere i næringseigedom.

- Dette er ein relativt trygg investering, slik som marknaden fortonar seg no.

Lønne opplyser at kjøpet er delvis lånefinansiert, og at han difor framleis sit på mykje kapital som han ønskjer å investere i framtida.

Leigetakarane i næringseigedomane er Nordisk Dekk Import, Kverneland, ein Statoil-stasjon og Lønne sitt tidlegare firma Lönne Scandinavia.

Seljaren, eigedomsfirmaet Profier, opplyser at dei har tent rundt 30 millionar kroner på salet til Lønne.

NYBAKT EIENDOMSINVESTOR: Heile 225 millionar har Terje Lønne investert i fire eigedommar på Haukås næringsområde.
Bergens Tidende