— Det blei ein ganske luftig tur, seier krabbefiskar Geir Ingebrigtsen (62) om møtet med bølgjene frå MS «Stavangerfjord» i sommar. Etter tre bølgjer var sjarken hans løfta på land med knust botn og knekt kjøl.

SKADE: Botn- og kjølskadane er så store at båteigaren reknar sjarken som totalhavarert.
PRIVAT

Hobbyfiskaren frå Karmøy kom frå det tørrskodd og skadefri, men den 27 fot store tresjarken reknar han som totalhavarert som følgje av behandlinga bølgjene gav han midt på dagen onsdag 8. august. Ingebrigtsen meiner han tapar nær hundre tusen kroner i bergingshjelp og vraka båt. Fjord Line avviser ansvar.

— Dei overraska meg

— Eg såg «Stavangerfjord» passera nordover på andre sida av Bømlafjorden, medan eg låg heilt oppi fjøresteinane under Sveio-landet for å plukka blåser til krabbeteinene mine nord for Auklandshamn. Det gjekk ganske mange minutt før bølgjene frå danskebåten kom, truleg er det årsaka til at dei overraska meg, seier Geir Ingrebrigtsen, som til dagleg er teknisk inspektør i eit supplybåtselskap. Han har drive mykje teinefiske i Sveio, der han har fritidshus.

Tredje bølgje resulterte i knekt kjøl. Eg var åleine om bord, og heldt meg godt fast

— Første bølgja løfta båten opp på eit skvalpeskjer, andre bølgje førte oss vidare ned mot ei sprekk i berget, tredje bølgje resulterte i knekt kjøl. Eg var åleine om bord, og heldt meg godt fast. Båten tok inn vatn, men stod heldigvis på grunn, fortel Geir Ingebrigtsen.

Negativt svar

Redningsselskapet blei tilkalla, men kunne ikkje få sjarken bort. Derfor blei havaristen ståande nokre dagar til ein oppdrettsbåt løfta han av grunnen og førte han i land i Auklandshamn.

Geir Ingebrigtsen kontakta Fjord Line i håp om at selskapet ville gi økonomisk vederlag for tapet av sjarken. Men svaret var negativt for han.

— Eg har fått med meg at også andre har hatt problem med store bølgjer frå «Stavangerfjord». Men for meg var det null trøyst å få i selskapet, seier Ingebrigtsen. Som var utan kaskoforsikring på båten, og som ikkje ser seg tent med å gå vidare med saka.

Administrerande direktør i Fjord Line, Ingvald Fardal minner om at «Stavangerfjord» ferdast i ei lei med kommersiell trafikk døgeret rundt. Han meiner at alle partar må ta omsyn til det, og at den nye båten ikkje lagar større bølgjer enn andre skip av tilsvarande storleik.

Beklagar, men...

— Tilfellet frå Sveio er veldig beklageleg. Eg bad båteigaren kontakta forsikringsselskapet sitt. Vårt selskap meiner det ikkje ligg føre erstatningsansvar frå vår side. Begge partar pliktar å opptre slik at det ikkje oppstår skade, seier Fardal.

- Stemmer det at «Stavangerfjord» har tilpassa farten gjennom Langenuen etter klager frå Tysnes- og Stord-sida?

— Vi har snakka med kapteinane våre, og tek omsyn så langt vi kan. På strekninga mellom Bergen og Stavanger er det hytter nesten på kvart nes, og det er vanskeleg å laga skip som ikkje lagar bølgjer. Det er om sommaren klagene kjem, når det er mange fritidsbåtar på sjøen. Vi har også fått ein klage frå Kristiansand-kanten, der påstanden er at ein båt hamna på land av bølgjer frå «Fjord Cat», som er eit mindre fartøy og lagar mindre bølgjer enn «Stavangerfjord». Historia høyrest nokså utruleg ut, og ingen har lagt fram fakta, seier administrerande direktør Ingvald Fardal.

FIN I FARTEN: Fjord Lines nye danskebåt har fått mykje skryt, men også klager frå eigarar av fritidsbåtar langs leia med påstand om stor bølgjeproduksjon.
RUNE MEYER BERENTSEN (arkiv)