Dette har nettportalen Norge.no tenkt å finne ut, og er i desse dagar i gang med å gje karakter til over 500 offentlege nettsider. Her kan du finn ut om nettopp din kommune, domstol eller fylkesmann har ei nettside som held mål. I tillegg får også heimesidene til eit utal departement, tilsyn og direktorat karakter på skalaen frå 1 til 6.

Kvalitetskrav Dei første vurderingane blir lagt ut på netttportalen Norge.no denne veka, og innan dei næraste vekene skal lista bli komplett. Som offentleg portal stiller Norge.no kvalitetskrav til nettstadene dei viser vidare til, og dette prosjektet er eit ledd i arbeidet med å heve kvaliteten på den offentlege informasjonen.

– Vi vurderer heimesidene etter kriterier som aktualitet, kor tilgjengelege, opne og brukarvennlege dei er, fortel prosjektleiar Ove Nyland i Norge.no.

I samarbeid med Statens Informasjonsteneste og Vestlandsforsking har Norge.no så langt gjeve 140 nettsider karakter.

– Ei heimeside som får karakter 4 eller høgare har akseptabel kvalitet, medan alt under 3 er for dårleg etter det vi meiner bør vere standarden for offentleg informasjon på nettet, seier Nyland.

Nett-sinker – Internett blir ein stadig viktigare informasjonskanal for det offentlege, og er særleg eigna i eit grisgrendt land som vårt. Kommunar som ikkje innser dette, vil etterkvart melde seg ut, meiner Nyland.

Men i dag er berre 267 av landets 435 kommunar registrert med eiga heimeside på internett.

Korkje Hordaland eller Sogn og Fjordane fylke har spesiell grunn til å slå seg på brystet. På landsplan er Hordaland på 8. plass (22 av 34 kommunar med eiga heimeside) og Sogn og Fjordane heilt nede på 18. plass (12 av 26 kommunar med heimeside).

Karakter-prosjektet vil koste mellom 200.000 og 300.000 kroner, og er finansiert av Arbeids— og administrasjonsdepartementet, Statens Informasjonsteneste og Norge.no.