— Verknaden kan bli dramatisk for fleire samfunn i Hordaland, seier Sveinung Sandvik. Han er leiar for bransjegruppe Havbruk i Fiskeri - og havbruksnæringens landforeining (FHL).

På vegner av oppdrettarane har Sandvik sendt eit brev til mellom andre Hordaland Fylkeskommune og kommunane i Sunnhordland og Hardanger.

I brevet skriv han at reglar som nett er innførte reduserte oppdrettsproduksjonen i hardangerfjordområdet med 30 prosent frå 2009 til 2010. Den såkalla Hardangerfjordforskrifta, som no er ute på høyring, vil tvinge oppdrettarane til å kutte enda meir.

Etter oppdrettarane si vurdering vil produksjonen frå 2009 til 2014 falle frå 105.000 tonn til 42.000 tonn i året.

Tapte jobbar

Mindre fisk vil slå ut i færre jobbar ifølgje brevet. Det er snakk om ei varig nedbygging av næringa i Hordaland, skriv Sandvik.

Mellom anna blir tre av seks slakteri i Hardanger og Sunnhordland overflødige.

100 røktarstillingar på matfisk- og setjefiskanlegg vil forsvinne. Det same gjer 120 slakteriarbeidsplassar.

I tillegg argumenterer oppdrettarane med at 370 årsverk hos ulike underleverandørar går tapt.

Stramma inn Det ligg fleire regelendringar bak nedskjeringa i produksjonen i Hardanger.

Tre forskrifter er alt på plass. Dei regulere tiltak mot fiskesjukdomen PD (pancreas disease) og lakselus. Det viktigaste med desse forskriftene er at Hardangerfjorden/Sunnhordland er delt i sju soner, der oppdrettarane må drive i takt i kvar sone. Etter slakting skal sona liggje brakk ein periode, slik at lakselusa skal mangle laks å snylte på lenge nok til at storparten døyr.

Oppdrettarane har gjennomført ei omfattande omorganisering for å tilpasse seg forskrifta, ei omorganisering som mellom anna har redusert produksjonen.

Den fjerde forskrifta, Hardangerfjordforskrifta, skal gjelde frå 2013. Den reduserer summen av kor mykje laks - målt i kilo - kvart oppdrettskonsesjon i området maksimalt har lov å ha i sjøen. Reduksjonen er på 28 prosent.

Konsekvensane er - meiner oppdrettarane - at det blir ein ny kraftig reduksjon av oppdrettsproduksjonen i hardangerfjordområdet. For å rekke fristen til 2013 må reduksjonen begynne i år.

Poenget er kutt Sven-Helge Pedersen er leiar for Hardanger Villfisklag og ein av dei fremste forkjemparane for å verne sjøauren og dei ville laksestammen i Hardanger.

Han meiner oppdrettarane gløymer poenget med Hardangerfjordforskrifta.

— Det er trong for eit kutt, og det har styresmaktene sett. Poenget er at ein skal få eit betre vern for vill-laksen og sjøauren, og det har næring tapt av syne, seier han.

Pedersen meiner det er for tidleg å seie noko om kor stor oppdrettsreduksjonen blir i Hardanger. Men dersom oppdrettarane har rett i at produksjonen blir meir enn halvert, er det bra.

— Då byrjar vi å nærme oss noko som er fornuftig, seier Pedersen.

I staden for å klage burde oppdrettarane nytte høve til å prøve nye ting, mellom anna å flytte større deler av produksjonen inn i lukka anlegg, meiner han.

Kan vere ugyldig

Oppdrettarane har førebels ikkje avgjort om dei vil gå rettens veg for å stogge Hardangerfjordforskrifta.

Men dei har leigd advokatfirmaet Wikborg Rein for å vurdere konsekvensar og juridisk grunnlag for forskrifta.

Advokatfirmaet meiner konsekvensane av Hardangerfjordforskrifta er så store at Fiskeridepartementet må gjennomføre konsekvensutgreiing. Følgjene er ikkje godt nok vurderte i dag. Utan ei konsekvensutgreiing vil Hardangerfjordforskrifta vere ugyldig.