Tilsette i ISS i Bergen måtte signere ein arbeidsavtale som opna for å påleggje dei jobb når som helst på døgnet.

Det er ein av årsakene til at Arbeidstilsynet no har sendt varsel om seks pålegg til reinhaldsgiganten ISS Facility Services i Bergen. Arbeidsavtalen, som BT har fått tilgang til, gjaldt tilsette i ISS-avdelinga Vedlikehold og Innemiljø i Bergen.

I avtalen heiter det mellom anna at «Alle ansatte på V&I kan pålegges arbeid mellom kl. 06.00 og kl 21.00, hverdager (og helgedager/helligdager ved behov)». Og vidare at «Arbeid mellom kl 21.00 og kl 06.00 kan også pålegges, og må da varsles så tidlig det lar seg gjøre.»

Dei som har jobba på avdelinga har heller ikkje hatt faste arbeidsplanar (vaktlister/turnusplanar) å halde seg til. Til saman har dette ført til «betydelig usikkerhet rundt arbeidsplikt, arbeidstid og fritid», skriv Arbeidstilsynet, og legg til:«Dette rammer særskilt utenlandsk og midlertidig arbeidskraft med lite erfaring og kunnskap om norsk arbeidsliv. Usikre vilkår inngår i begrepet sosial dumping».

Krev reelle timelister

Rapporten er utarbeidd etter at Arbeidstilsynet var på tilsyn i bedrifta på Dokkeskjærskaien i slutten av januar. Bakgrunnen for tilsynet var at fleire tilsette hadde varsla om uhaldbare tilhøve i avdelinga.

I rapporten går det fram at Arbeidstilsynet har opplysningar som «indikerer» at tilsette i avdelinga har jobba langt meir overtid enn lova tillet. Etter det BT kjenner frå anna hald til skal enkelte ha jobba nærmare 1000 timar overtid i året, medan Arbeidsmiljølova set ei maksgrense på 300 timar.

ISS har no fått frist til 20. februar med å svare, før Arbeidstilsynet gjev pålegg. Med mindre den lokale ISS-leiinga har nye opplysningar som kan endre innstillinga, vil dei bli pålagt å rette opp det som står i dei seks pålegga.

Det betyr ny arbeidskontrakt og reelle vaktplanar. I tillegg krev tilsynet ein oversikt over arbeidstid og overtid for alle i avdelinga dei siste to åra, at avdelinga etablerar skriftlege rutinar for HMS-arbeid, og eit register for arbeidstakarar som blir eksponert for biologisk risiko (les: mogleg smitte frå sprøytespissar ved rydding av kommunale leilegheiter).

Fryktar represaliar

Tilsynet vil òg krevje at ISS hentar inn ekstern bistand for å betre det psykososiale miljøet. Bakgrunnen er, som tilsynet skriv, «opplysninger (som) tyder på at det ikke er et godt ytringsklima i avdelingen».

Ifølgje tilsette BT har snakka med er dette eit solid understatement. Dei rapporterer om både arbeidsmessig og sosial utfrysing, mellom anna ved at kritikarar har blitt sett på dårlege akkordar eller tunge jobbar.

Frykt for represaliar, og for enkelte å miste jobben, blir òg nemnd som hovudårsak til at ingen BT har vore i kontakt med ønskjer å stå fram offentleg med kritikken.

Ikkje berre i Bergen

Tilsynsleiar Kåre Askvik i Arbeidstilsynet i Bergen vil ikkje gje noko karakteristikk av kor alvorleg dei ser på tilhøva i ISS før bedrifta har fått svart på tilsynsrapporten.

Etter ein landsdekkjande kontroll fekk ISS i desember i fjor fleire pålegg frå Arbeidstilsynet. Mellom anna vart det påpeikt manglande registrering av arbeidstid, høgt arbeidspress, sviktande tryggleiksrutinar, frykt for represaliar og manglande arbeidsplanar. Askvik ser klare parallellar til saka i Bergen

— Fleire av punkta heng saman. Føremålet med det sentrale pålegget er at det er deira (ISS) ansvar å få dette ned i systemet. Viss det hadde vore sett i verk og på plass skulle ikkje vi gjort desse funna. Men samtidig er dette eit stort konsern, og det har ikkje gått så lang tid, seier han.

ISS sentralt har frist til 1. mars med å følgje opp pålegga.

BT har i fleire dagar forsøkt å få ein kommentar frå regiondirektør i ISS Facility Services Hordaland, Frederik Duus, utan resultat. Han har tidlegare uttalt til BT at eventuell ulovleg overtid berre gjeld enkelttilfelle, og at viss det er riktig så vil dei rydde opp.