• ENKELTTILFELLE: BT har i fleire dagar forsøkt å få ein kommentar frå regiondirektør i ISS Facility Services Hordaland, Frederik Duus, utan resultat. Han har tidlegare uttalt til BT at eventuell ulovleg overtid berre gjeld enkelttilfelle, og at viss det er riktig så vil dei rydde opp.

    FOTO: TOR HØVIK (ARKIV)

Kan få folk på jobb når som helst

No må ISS rydde opp.

Tilsette i ISS i Bergen måtte signere ein arbeidsavtale som opna for å påleggje dei jobb når som helst på døgnet.

Det er ein av årsakene til at Arbeidstilsynet no har sendt varsel om seks pålegg til reinhaldsgiganten ISS Facility Services i Bergen. Arbeidsavtalen, som BT har fått tilgang til, gjaldt tilsette i ISS-avdelinga Vedlikehold og Innemiljø i Bergen.

I avtalen heiter det mellom anna at «Alle ansatte på V&I kan pålegges arbeid mellom kl. 06.00 og kl 21.00, hverdager (og helgedager/helligdager ved behov)». Og vidare at «Arbeid mellom kl 21.00 og kl 06.00 kan også pålegges, og må da varsles så tidlig det lar seg gjøre.»

Les også

Får besøk av Arbeidstilsynet: Regiondirektør Fredrik Duus i ISS Facility Services region Bergen avventar dagens møte med Arbeidstilsynet, og ville i går ikkje kommentere påstandane om lovbrot.

Reinhaldsgigant blir granska

ISS må svare på påstandar om trakassering, ulovleg overtid og sprøytespissar.

Dei som har jobba på avdelinga har heller ikkje hatt faste arbeidsplanar (vaktlister/turnusplanar) å halde seg til. Til saman har dette ført til «betydelig usikkerhet rundt arbeidsplikt, arbeidstid og fritid», skriv Arbeidstilsynet, og legg til:

«Dette rammer særskilt utenlandsk og midlertidig arbeidskraft med lite erfaring og kunnskap om norsk arbeidsliv. Usikre vilkår inngår i begrepet sosial dumping».

Krev reelle timelister

Rapporten er utarbeidd etter at Arbeidstilsynet var på tilsyn i bedrifta på Dokkeskjærskaien i slutten av januar. Bakgrunnen for tilsynet var at fleire tilsette hadde varsla om uhaldbare tilhøve i avdelinga.

I rapporten går det fram at Arbeidstilsynet har opplysningar som «indikerer» at tilsette i avdelinga har jobba langt meir overtid enn lova tillet. Etter det BT kjenner frå anna hald til skal enkelte ha jobba nærmare 1000 timar overtid i året, medan Arbeidsmiljølova set ei maksgrense på 300 timar.

ISS har no fått frist til 20. februar med å svare, før Arbeidstilsynet gjev pålegg. Med mindre den lokale ISS-leiinga har nye opplysningar som kan endre innstillinga, vil dei bli pålagt å rette opp det som står i dei seks pålegga.

Det betyr ny arbeidskontrakt og reelle vaktplanar. I tillegg krev tilsynet ein oversikt over arbeidstid og overtid for alle i avdelinga dei siste to åra, at avdelinga etablerar skriftlege rutinar for HMS-arbeid, og eit register for arbeidstakarar som blir eksponert for biologisk risiko (les: mogleg smitte frå sprøytespissar ved rydding av kommunale leilegheiter).

Fryktar represaliar

Tilsynet vil òg krevje at ISS hentar inn ekstern bistand for å betre det psykososiale miljøet. Bakgrunnen er, som tilsynet skriv, «opplysninger (som) tyder på at det ikke er et godt ytringsklima i avdelingen».

Ifølgje tilsette BT har snakka med er dette eit solid understatement. Dei rapporterer om både arbeidsmessig og sosial utfrysing, mellom anna ved at kritikarar har blitt sett på dårlege akkordar eller tunge jobbar.

Frykt for represaliar, og for enkelte å miste jobben, blir òg nemnd som hovudårsak til at ingen BT har vore i kontakt med ønskjer å stå fram offentleg med kritikken.

Ikkje berre i Bergen

Tilsynsleiar Kåre Askvik i Arbeidstilsynet i Bergen vil ikkje gje noko karakteristikk av kor alvorleg dei ser på tilhøva i ISS før bedrifta har fått svart på tilsynsrapporten.

Etter ein landsdekkjande kontroll fekk ISS i desember i fjor fleire pålegg frå Arbeidstilsynet. Mellom anna vart det påpeikt manglande registrering av arbeidstid, høgt arbeidspress, sviktande tryggleiksrutinar, frykt for represaliar og manglande arbeidsplanar. Askvik ser klare parallellar til saka i Bergen

- Fleire av punkta heng saman. Føremålet med det sentrale pålegget er at det er deira (ISS) ansvar å få dette ned i systemet. Viss det hadde vore sett i verk og på plass skulle ikkje vi gjort desse funna. Men samtidig er dette eit stort konsern, og det har ikkje gått så lang tid, seier han.

ISS sentralt har frist til 1. mars med å følgje opp pålegga.

BT har i fleire dagar forsøkt å få ein kommentar frå regiondirektør i ISS Facility Services Hordaland, Frederik Duus, utan resultat. Han har tidlegare uttalt til BT at eventuell ulovleg overtid berre gjeld enkelttilfelle, og at viss det er riktig så vil dei rydde opp.

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

  • Integrated Service Solutions (ISS) er eit internasjonalt selskap med 520.000 tilsette i over 50 land og hovudkontor i København.
  • Har 14.000 tilsette i Noreg. Er mest kjent for reinhald, men tilbyr òg tenester innanfor catering, tryggleik, kontorstøtte og vaktmeistertenester.
  • Etter ein landsomfattande kontroll i fjor fekk ISS pålegg av Arbeidstilsynet, mellom anna om betre rutinar for å dokumentere at tilsette ikkje jobbar meir enn dei skal.

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger