Grunnen er ordreflaumen i næringslivet.

Auken i skatteinntektene er på 8,1 prosent i høve til same periode i fjor.

  • Stord kommune vonar ekstra-pengane får dei bort frå Fylkesmannens «svarteliste» (sjå tabell).
  • Bergen vil bruke pengane til å betale ned på oppsamla underskot.
  • Odda vil byggje opp att fond og betale gjeld.
  • Førde brukar pengane i drifta og investeringa i skular og barnehagar.

For heile landet utgjer auken eit ekstra tilskot til kommuneøkonomien på over seks milliardar kroner per tredje kvartal, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteauken for kommunane er først og fremst eit resultat av at fleire er i arbeid og betalar skatt.

Oppsvinget gir kommunane kring tre milliardar fleire skattekroner enn ekspertane i finansdepartement trudde då statsbudsjettet for 2006 vart lagt fram for eitt år sidan.

Då budsjettet vart revidert i vinter hadde ekspertane auka si vurdering av skatteinntektene til kommunane, men berre med ein halv milliard kroner.

Seniorrådgivar Børre Stolp i Kommunenes Sentralforbund (KS) åtvarar kommunane mot å tru dei får like høge skatteinntekter neste år.

Regjeringa har varsla at det såkalla kommunale skattøyren – den delen av skatten som går til kommunane – skal reduserast med cirka tre milliardar.

Betal gjeld, invester i vedlikehald eller bygg, men ikkje bruk ekstrapengane til å binde dykk opp til høgare driftsutgift, er rådet frå KS.

FORFALL: Stord ungdomsskule frå 1964 ber preg av stor slitasje når snart 600 elevar kjempar om avgrensa undervisningsplass.
HÅP I SIKTE: God skatteinngong for Stord gjer at ungdomsskuleelevar på Stord, her representert ved elevrådsstyret frå v. Jeanett Hamre (9.kl), Nina Lunde (8.kl) og Marte V. Henriksrud (10.kl), endeleg kan ha håp om ny skule i Nordbygda.
HØG MERCE-FAKTOR: Bilhandlar Kjell Fylkesnes sel bilar i luksusklassen som aldri før på Stord.
GJESTEARBEID: Gode tider i Stord-industrien har igjen fått gjestearbeidarar til øya. Polske Antoni Majstev (med caps) og Mosinski Jacek arbeider på snøggbåtverftet Oma Baatbyggeri.