Voss kommune har mot to røyster gitt tre års utsetjing med busetjing på den 750 dekar store bruket like nedom Stalheim Hotell. Grunngjevinga er at det ikkje er brukande hus i tunet. Representantane frå Sp og SV meiner at bustadhuset er godt nok, og røysta for buplikt straks.

Jens Lorentsen vart skulda for å ha blanda personlege og offentlege interesser, og gjekk av som kommunalråd i Bergen i 1985.

Selskapet hans har no kjøpt bruk nr. 1 (hovedbruket) og bruk nr. 3 på Stalheim for 1,7 millionar kroner.

Av konsesjonssøknaden går det fram at det skal satsast på gardsturisme og kortreist mat. All bygningsmasse på garden skal rivast, og erstattast med nye hus i tradisjonell stil og to store veksthus på til saman eit halvt mål. På innmarka skal det dyrkast poteter, grønsaker og frukt.

520 dekar av arealet er skog. Kommunen krev at skogsdrifta skjer i samråd med skogkunnige.