På den vesle staden Mjømna, eit stopp for hurtigbåten frå Bergen til Sogn med 60 innbyggjarar, er hovudkontoret til eit nytt, norsk IT-eventyr. Beat.no strøymer musikk til stadig fleire nordmenn, i ein bransje som veks kraftig.

— Vi er ein mygg, men om eit år trur eg vi vil vere ein litt større mygg, seier dagleg leiar Njål Hansen Wilberg, som grunnla musikktenesta beat.no saman med kona Linn Dyveke Wilberg og to andre i 2009.

I løpet av det siste året har dei inngått store distribusjonsavtalar med digital-TV selskapet Altibox og teleselskapet Tele2.

— Og vi har nyleg signert ein avtale med ein stor, stor digital-TV-aktør, seier Wilberg.

Kven det er vil han ikkje ut med, men seier det vil bli kjent i løpet av august.

Tek over for CD-en

Ingen land i verda høyrer meir av musikken via nettet som nordmenn, viser ein rapport som kom i byrjinga av juli. Nær halvparten av oss har teke i bruk såkalla strøyming av musikk, anten det skjer til ein høgtalar i huset eller høyretelefonane på telefonen.

I fjor vaks det digitale musikksalet (strøyming og nedlasting) med 73 prosent i høve til 2010, medan salet av fysiske plater gjekk ned med 31 prosent. I år vil inntektene frå digital nedlasting og strøyming passere det fysiske platesalet, og det er strøyminga som veks mest.

Mygg og gigantar

Beat.no er med sine 10.000 betalande kundar små i høve til dei to store konkurrentane: Medan WiMP har 350.000 har 350.000 betalande kundar, er det tre millionar som betalar for å høyre musikk frå Spotify.

Svenske Spotify byrja trenden i oktober 2008, medan WiMP byrja sendingane i februar 2010, med landets største platekjede, Platekompaniet, i ryggen. Året etter byrja beat.no.

Medan selskapa i byrjinga selde direkte til enkeltkundar, har samarbeid med TV-distributørar og mobiltelefon selskap tatt av kraftig det siste året, for alle selskapa.

Viktige pakkeavtalar

Beat.no har no avtalar som sikrar at alle dei rundt 200.000 kundane til digital-TV-selskapet Altibox får beat.no som ein del av pakken. I tillegg har Beat.no inngått avtale med Tele2, som tilbyr sine nær halv million kundar tre månader med gratis musikkstreaming frå beat.no.

— Avtalen gjeld berre i Norge, men våre ambisjonar i løpet av det neste året er å sjå kva vi òg kan gjere utanfor Norge, seier han, og viser til at Tele2 er ein gigant i Sverige med operasjonar i til saman 11 land.

Overskot frå neste år

Legg ein til den siste TV-avtalen, trur Wilberg dei om eit år har auka talet på betalande kundar til mellom 30.000 og 50.000.

Det reknar han òg med vil føre beat.no over frå gründer-fasen, med store årlege underskot, til pluss.

— På slutten av året vonar eg vi har nok pådrag til at vi har svarte tal i boka, men for året som heilskap har vi budsjettert med underskot, seier han.

Neste år, derimot, skal dei byrja å tene pengar.

Til no har drifta vore finansiert av grunnleggjarane, og via to aksjeutvidingar. I fjor henta dei inn 11,3 millionar, hovudsakleg frå Fjordinvest (Sogn og Fjordane fylkeskommune) og Sparebanken Vest.

I mai fekk dei inn ytterlegare seks millionar frå eksisterande aksjonerer.