Nybygget blir 110 meter langt og 22 meter breidt, og kontrakten er verd rundt 600 millionar kroner.

Skipet blir bygt for at eit mannskap på 106 kan opphalde seg om bord.

Kontrakten blei underteikna i Bergen i går. Ifølgje ei pressemelding som er sendt ut i dag, skal skipet leverast innan august 2013.

Forland Shipping er eit privateigde reiarlag. Dei eig og driv tre skip som driv offshore og med seismikkoperasjonar. Selskapet har 70 tilsette.