Gasskraftverket som forsyner det gigantiske smelteverket i den arabiske ørkenen med straum, fungerer ikkje som det skal. Konsekvensane har vore stopp i produksjonen, utsetjing av full drift og sjølvsagt tapte inntekter.

Eit konsortium av selskapa General Electric og Doorsan har bygt gasskraftverket.

— Vi ser på dette som ein leveranse der vi ikkje har fått det vi har bestilt, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

Kronprinsen

I fjor opna kronprins Haakon Qatalum, verdas største aluminiumverk oppført i eit byggjesteg. Hydro har bygt og eig smelteverket saman med Qatar Petroleum. I alt er det investert rundt 33 milliardar kroner i prosjektet, som er den største norske industrisatsinga i utlandet gjennom tidene.

Då kronprinsen klipte snora, var planen at verket skulle kome i full produksjon før årsskiftet. Så blei det utsett, først til første kvartal, deretter til juni. Men for ei god veke sidan måtte Hydro varsle ytterlegare forseinkingar. No er målet å nå full produksjon innan utgangen av tredje kvartal 2011, men også kring det tidspunktet er det knytt uvisse. Hydro vil gje ein oppdatert status for situasjonen i Qatar i samband med at dei legg fram resultatet for andre kvartal 26. juli.

Straumbrot

Låge straumprisar gjorde at Hydro satsa i Qatar. Paradoksalt nok er det krafttilførsla som skapar vanskane. Det flunkande nye gasskraftverket har aldri fungert som det skal. Eit langvarig straumbrot i august i fjor skapte ein alvorleg situasjon. Fleire nystarta elektrolyseceller blei delvis øydelagde.

I meldinga som Hydro sende ut i midten av månaden heiter det at kraftverket i Qatar blir bygt som eit nøkkelferdig anlegg. Men Qatalum har så langt ikkje overteke gasskraftverket. For i samband med ferdigstilling av dampturbinane i kraftverket i mai og juni, blei fleire tekniske forhold som forseinka overtakingsprosessen oppdaga.

Ti gonger Høyanger

I full drift skal Qatalum ha ein årsproduksjon på 585.000 tonn. Dette er til samanlikning nesten ti gonger så mykje som årsproduksjonen i Høyanger, det minste aluminiumverket til Hydro.

Status no er at 490 av 704 elektrolyseceller er i drift. Qatalum driv altså på kring 70 prosent av total kapasitet. Hydro tapar neppe, for for denne store verksemda, så store summar på forseinkingane. Då den nye utsetjinga blei kjent sa analytikarar til nettstaden E24 at inntektstapet ligg mellom 80 og 110 millionar kroner. Likevel er det ikkje tvil om at Hydro-leiinga neppe likar situasjonen.

— Eit krav om erstatning mot General Electric kan bli aktuelt. Det er noko vi no vurderer, seier Brandtzæg.

Qatalum II

Toppsjefen gjorde det klart at dei vurderer å krevje kompensasjon frå dei som har bygt gasskraftverket då industrikonsernet denne veka presenterte nye analysar av framtidsutsiktene for norsk aluminiumindustri.

Hydro slo an ein svært optimistisk tone for framtida. Dei trur at Norge og Norden vil bli eit av dei gunstigaste områda i verda for å produsere aluminium. Saman med ein del av dei store energiproduserande landa i Midtausten.

Konsernsjefen gjorde det også klart at det ikkje er teke noko avgjerd om bygginga av neste fase i Qatar, Qatalum II. Eit vedtak om vidare utbygging i Qatar vil tidlegast skje når det eksisterande anlegget er i full drift.