Den internasjonale kollapsen i aluminiumsmarknaden påførte Hydro eit fall i driftsinntektene frå 88 til 67 milliardar kroner frå 2008 til 2009. Konsernet gjekk samtidig frå ein vinst på 6 milliardar kroner før finanspostar og skatt i forfjor til eit tap på 2,5 milliardar i fjor.

— Kostnadsposisjonen vår oppstraums er for høg. Vi har difor lansert nye tiltak for å betra drifta ved smelteverka våre, og vil halda fram med å tilpassa organisasjonen og drifta til endringar i marknadsforholda, sa konsernsjef Svein Richard Brandtzæg då han presenterte Hydros førebels 2009-resultat i dag.

Positive teikn

Konsernsjefem gler seg over at aluminiumsprisen auka i fjerde kvartal i fjor, og at etterspørselen etter lettmetallet ser ut til å auka noko første halvår 2010. Han er også nøgd med at det halvt Hydro-eigde kjempeverket Qatalum i Qatar på den arabiske halvøya er komen i gang, og vil få full produksjon mot slutten av 2010.

Hydros produksjon av aluminium fall frå 1,7 millionar tonn i 2008 til knapt 1,4 millionar tonn i fjor. Gjennomsnittsprisen gjekk ned frå 2638 dollar tonnet til 1698 dollar.

Kina-rekord

Etterspørselen etter primæraluminium auka kraftig i Kina mot slutten av fjoråret. Hydro reknar med at kinesarane har opna opp att tidlegare nedstengt produksjon, i tillegg til å opna nye aluminiumsverk. Kinesisk produksjon av aluminium sette ny rekord i 2009 med 16,5 millionar tonn i snitt pr. kvartal.

I Europa og Nord-Amerika er derimot forbruket av lettmetall framleis vesentleg under nivået i 2007 og 2008. Hydro ser ingen klare teikn til at det skal ta seg opp att til nivået før finanskrisa sette inn.