Kontrakten gir mellom 200 og 300 nye arbeidsplassar på Ågotnes berre i år.

Aker har allereie auka arbeidsstokken på Ågotnes med 70 i år, og vil nå 150 innan året er omme. FMC Technologies har tilsett mellom 100 og 200 i året dei siste åra.

— Vi trur at den veksten i tilsette vil halde fram, mellom anna på grunn av kontrakten med Statoil, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen i FMC Technologies.

Milliardinntekter

Aker Solutions og FMC har fått ein femårig avtale om inspeksjon, vedlikehald, reparasjon og montering av undervassutstyr til bruk i oljeleitinga. Selskapa er to av dei største leverandørane av slikt utstyr, og kan nå gle seg over at det også er ein stor marknad i å halde utstyret ved like.

Avtalen kan eventuelt forlengjast i tre treårsperiodar. Aker reknar med at avtalen betyr 5,5 milliardar kroner i inntekter i femårsperioden, FMC Technologies reknar med 8,5 milliardar i inntekter.

Begge bedriftene utvidar kraftig på Ågotnes for å ta unna den auka oppdragsmengda. Aker Solutions byggjer nytt kontorbygg og verkstadhallar på til saman 6000 kvadratmeter. FMC skal byggje 20.000 kvadrat­meter, og anslår den samla investeringa til kring ein halv milliard kroner.

Jobbpendling frå Bergen

Både Aker Solutions og FMC Technologies har vald området på og ved Coast Center Base (CCB) på Ågotnes i Fjell som hovudkvarter for montering og vedlikehald av undervass­installasjonar til oljeindustrien. Til saman har dei 1800 tilsette knytt til Ågotnes i dag, og skal altså bli fleire. Dei er heller ikkje åleine om vekstplanane.

Rundt 300 bedrifter med cirka 4000 tilsette holder til på og ved basen.

CCB ventar til saman 2000 nye arbeidsplassar på området innan fem år. Alle jobbane har gjort at det i dag er fleire som jobbpendlar frå Bergen til Fjell enn omvendt, og køen over Sotrabrua er blitt så lang at bedrifta klagar over at det går ut over rekrutteringa. Ny bry eller tunnel er planlagt ferdig i 2020.