— Det har gått veldig bra med Moods det siste året, blant anna har me fått ein del nye distributørar i utlandet. Me har vel hatt ein auke på rundt 60 prosent, seier gründer og designar Simen Staalnacke.

Moods-gutta starta selskapet i 2003, men begynte ikkje å ta ut lønn før for to år sidan. Frontfigur Staalnacke hadde i fjor ei inntekt på 183.899 kroner og null i formue. Medgründer Jan Egil Flo hadde 280.061 kroner i inntekt og 684.051 kroner i formue, medan tredjemann, Peder Børresen, hadde 197.310 kroner i inntekt og ingen formue. Til samanlikning var Staalnacke i 2004 registrert med ei inntekt på 1058 kroner, null i formue og null i skatt.

— Det blei mykje gratisarbeid dei første åra, seier Staalnacke.

Satsar i Japan

I fjor tente han betydeleg meir.

— Eg er godt fornøgd med fjorårets inntekt. Framleis går det meste av det me tener tilbake til selskapet, men det blir no julebord i år og. Så lenge eg har til smør på maten og eit par cocktails i ny og ne er eg fornøgd, seier Staalnacke.

Økonomisjef Jan Egil Flo klagar heller ikkje.

— Eg har til salt i grauten. Sjølv om eg, som har eit par kilo for mykje, for så vidt hadde hatt godt av litt mindre salt, seier Flo med eit flir.

Moods-gutta synest det er heilt greitt at skattetala igjen er offentlege.

— Det er enkel underhaldning å sjekka kva naboen tener, seier Staalnacke.

Moods of Norway hadde i fjor ein omsetning på 17 millionar kroner og hadde eit overskot på ein million kroner. Ifølgje økonomisjefen er ikkje overskotet større på grunn av utvidingar i arbeidsstokken. Selskapet har no butikkar i 12 land, og håpar å snart kunna opna eigne merkebutikkar i Bergen og Oslo. Siste skot på stamma er Japan, som første asiatiske land.

Hollywood neste

Klesmerket frå Stryn er også populært over dammen. Det siste nye er at filmstjerna Johnny Depp skal vera interessert i å skaffa seg Moods-dress. Den amerikanske skodespelaren Ashton Kutcher, kjend frå TV-seriar som "That '70s show" og "Punk'd", skal også ha ytra ønske om å villa kjøpa Moods-klede. Og kjende rockarar som Tommy Lee og Dave Navarro, samt den amerikanske hiphop-gruppa Black Eyed Peas har alt tatt klesmerket inn under sine venger.

I nær framtid skal Moods-gjengen også levera klede til fleire Hollywood-filmar.

— Faktisk blir det i tillegg diskutert om me som jobbar i Moods skal ha biroller i filmane, seier ein fornøgd Stefan Dahlkvist, som er internasjonal kontakt i selskapet.

Han kan ikkje seia kva filmar det gjeld enno.

Staalnacke seier også at det er planar om å lansera andre produkt enn klede.

— Eg kan ikkje røpa kva det er no. Men Moods er jo eit livsstilsmerke, seier han lurt.

GODT FORNØGDE: Moods of Norway-gründerane Simen Staalnacke (t.v.) og Jan Egil Flo tente til saman 464.000 kroner i fjor. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH