I morgon lanserer Apple nok ein ny og finare versjon av den populære mobiltelefonen Iphone. I forsikringsbransjen er alarmklokkene på, for all erfaring viser at talet på innmeldte skader og tjuveri går i taket når nye modellar kjem i sal.

— Det er eit ganske nytt fenomen, men etter kvart godt kjent hjå oss. Vi såg det spesielt godt i overgangen frå Iphone 3 til Iphone 4, seier informasjonssjef Jon Berge i If Forsikring.

Berge er ikkje åleine. Ein ringjerunde BT har gjort til forsikringsselskapa viser at alle har opplevd det same.

— Vi har sett tidlegare at talet på skademeldingar aukar for modellar som er på veg ut. Vi fryktar no at med ein ny Iphone 5 så kjem det fleire skademeldingar på Iphone 4, seier informasjonsdirektør Øystein Thoresen i Gjensidige.

Fleire av selskapa har opplevd ein kraftig auke i talet på melde stolne mobiltelefonar, noko som òg kjem fram i statistikken for reiseforsikringar.

— I 2010 var det meld 3600 stolne mobilar til Europeiske Reiseforsikring. I 2011 var det auka til 5200, ein auke på over 40 prosent, seier Berge i If Forsikring.

Veksten har halde fram i same tempo i første halvår i år, seier han.

Blir meld til politiet

Forsikringsbransjen legg ikkje skjul på at dei fryktar at det bak tapstala skjuler seg mange forsikringssvindlarar.

— Dei færraste gjer seg til svindlar for ein ny mobiltelefon, men det er dessverre nokon, seier informasjonssjef Mari Faaberg i Codan forsikring.

Erfaringane frå tidlegare år gjer at forsikringsselskapa no er ekstra på vakt.

— Rundt desse modellskifta vil vi vere ekstra merksame, seier Roald Stigum Olsen i Tryg Forsikring.

Dei krev at tjuveri blir meld til politiet, med risiko for å bli tatt for falsk politimelding. Er telefonen øydelagt, vil dei gå nøye gjennom forklaringa frå forsikringstakaren.

— Ein risikerer å bli meld til politiet, og bli utestengt frå forsikring på livstid, noko spesielt unge kanskje ikkje skjønar konsekvensen av, seier Olsen.

Det betyr til dømes at du kan sjå langt etter å få eigen bil, sidan det krev forsikring.

Får tilbake «gammal» modell

Tap av mobiltelefonar kan bli dekt både av innbu-, reise- og spesielle mobilforsikringar. For dei to første typane vil du få erstatninga i kontantar, og for innbuforsikringa med fråtrekk av ein eigendel.

Men selskapa som sel mobilforsikringar har funne ein annan måte å erstatte telefonen din på, ein måte som gjer at du ikkje skaffar deg ein Iphone 5 ved å kaste din gamle Iphone 4 eller 3gs på havet.

— Vi har ein innkjøpsavtale, som gjer at du ikkje nødvendigvis får erstatninga i kontantar. Så viss du mister ein Iphone 4 får du ein tilsvarande modell tilbake, seier informasjonsdirektør Thoresen i Gjensidige, som sel mobilforsikringar til Telenor-kundar.

Den same politikken har Codan Forsikring, som sel mobilforsikringar gjennom Chess og OneCall.

— Du får ein så tilsvarande modell som mogleg, men du kan oppgradere til ein nyare modell mot å betale eit mellomlegg, seier informasjonssjef i Faaberg i Codan.