• FREDA: Sjølv om skiltet seier naturreservat, meiner Midtfjellet Vindkraft AS at dei hadde sitt på det reine då dei måtte hogga ned noko skog her, ved fylkesveg 545. Dagleg leiar hevdar selskapet fekk løyve frå kommunen.

Hogg skog i reservat

Freda skog er hogge ned for å gje plass til veg til vindmølleparken på Fitjar. Det er strengt ulovleg, seier Fylkesmannen.