Med spranget frå 3,5 millionar kroner i 2000 til 5,7 millionar i fjor, er Jan Kåre Pedersen frå Rommetveit blant Noregs best løna industrileiarar. 45-åringen sit i Stockholm og leiar eit nordisk konsern med 13.000 tilsette. Og no er han midt inni ein oppseiingsprosess der ordrenedgong gjer 400 tilsette overflødige.

— Me hadde ein veldig vekst i Noreg frå 3400 tilsette i 1996 til 6900 få år seinare. No må me trimma organisasjonen, seier Jan Kåre Pedersen. Bravida-sjefen vil ikkje kommentera sin personlege økonomi. Men selskapet snakkar han gjerne om, og opplyser at målet om børsnotering 1. halvår 2003 står fast.

Pedersen er vekependlar mellom Stockholm og Stord. I går la han ut frå kai på Leirvik saman med familien i den staselege Princess-båten «Gurli», oppkalla etter Jan Kåre Pedersens kone.

Ein av toppleiarane i Aker Kværner, Rolf Th. Waage, er den i Stord kommune som kjem nærmast Pedersen lønsmessig. Også han gjorde eit solid hopp frå 1,7 millionar til over fire millionar kroner i fjor. Waage var tidlegare sjef for Aker Stord, no pendlar han til Stavanger til Aker Kværners service- og driftsavdeling der.

Formuesmessig er framleis Kari Sørli, enkja etter Maskinhjørnet AS sin grunnleggjar Leif Sørli på topp i Stord. Men summen er halvert frå 200 til 2001.

INGEN OVER: Jan Kåre Pedersen er suveren lønsvinnar i Stord-likninga. Han pendlar mellom Rommetveit og Bravida-hovudkvarteret i Stockholm.
ARKIVFOTO: OVE A. OLDERKJÆR