Målet er 150.000 kroner ekstra i året. Lønsforhandlingane i vår er første steg på vegen.

- No er folk veldig misnøgde, seier klubbleiar Lillian Bratholm­en stillferdig.

- Kva med streikeviljen?

- Den trur eg er ganske stor. Folk er kampviljuge.

Bratholmen er klubbleiar for Safe-klubben i BIS Industrier, eit av dei største firma som har spesialisert seg på å sende stillasbyggjarar, sandblåsarar, målarar og isolatørar ut på plattformane for å byggje om, pusse opp og reparere.

I alt organiserer Safe kring 1600 av rundt 2500 som jobbar på plattformane i bransjen.

Denne gruppa må få eit skikkeleg løft i vårens lønsforhandlingar, krev Safe, som for første gang har fått forhandlingsretten for vedlikehaldsarbeidarane.

Stoppar oljeproduksjonen

Streik kan bety stengde kraner på sokkelen, fordi vedlikehald og inspeksjonar som må gjerast for å kunne drive plattformane ikkje blir gjort.

- Det vil råke vedlikehald og ombyggingar som opererer innanfor smale årstid— og tidsvindauge, seier områdeleiar Atle F. Rostad i Safe.

Lønsoppgjeret for vedlikehaldsarbeidarane er ein del av det viktige frontfagoppgjeret.

Frontfagoppgjeret er lønsoppgjeret for yrkesgrupper i den konkurranseutsette industrien. Tradisjonelt startar frontfaga lønnsforhandlingane, og set standarden som andre yrkesgrupper helst skal halde seg innanfor.

Men Rostad fryktar ikkje lønnsgalopp om vedlikehaldsarbeidarane får ekstra utteljing i år. For det første er dei relativt få i høve til alle, og for det andre er inntektsskilnadene på plattformane urettferdige, meiner han.

Provoserande skilnader

Saman med styremedlem Kenneth Jensen i Beerenberg, møter Bratholmen BT på helikopterterminalen på Flesland. Kafeen er full av oljearbeidarar som ventar på tur for å dra ut på sokkelen. Det er desse Bratholmen og Jensen samanliknar seg med. Ifølgje ei oversikt frå Safe har Bratholmen og Jensen sine medlemer med fagbrev og tre års erfaring rundt 100 kroner mindre i timen ute på plattformane, enn reinhaldarar, kokkar og operatørar. Det provoserer Jensen.

- Det er mange som seier at nok er nok. Vi vil ikkje bli behandla som jordbærplukkar­ar lenger.

Det langsiktige målet for Safe er å oppnå like vilkår med dei som kjem inn under den såkalla sokkelovereinskomsten, årets lønnsoppgjer skal vere eit steg på vegen dit.

100 kroner ekstra i timen utgjer kring 150.000 meir i året. Ifølgje Jensen er løna til ein faglærd vedlikehaldsarbeidar på sokkelen på 430.000 kroner i året.

Sokkelover­eins­komsten gir og betre ulempetillegg, til dømes for arbeidarar som ikkje kjem seg heim frå plattformane når vêret held helikoptera på bakken. Dessutan er arbeidstidsordningar betre og meir føreseielege.

Urealistiske mål

- Vi er klar over kva Safe meiner og er opptekne av, men vi har ikkje fått oversendt noko krav, seier Audun Lågøyr. Han er direktør for kommunikasjon og næringspolitikk i Byggenæringens Landsforening, som fram til 1. april er arbeidsgivarforeining for bedriftene vedlikehaldsarbeidarane er tilsett i.

Han vil ikkje kommentere kva konsekvensar lønsoppgjeret kan få før arbeidsgivaren har fått krava på bordet, men er skeptisk til måla Safe peikar ut.

- Generelt må eg seie at eg lurer litt på realismen, og lurer på kva dei meiner med moderasjon når dei antydar slike lønskrav, seier Lågøyr.

Administrerande direktør Bjørn Harald Celius i BIS Industrier ventar tøffe forhandlingar.

- Både dette lønsoppgjeret og dei i framtida blir utfordrande. Marginane er så små at vi og kundane nærast byter pengar, seier Celius.

Hva mener du om lønsskilnadene? Sei di mening!