Ein av dei er Jostein Prestbø på Fitjar, som steller godt med bringebærplantane sine. Inne i store plasttunnelar står dei lunt og varmt, skjerma både frå regn og vind.

— Bringebær toler vatn dårleg. Inni plasttunnelen kan plukkarane hausta tørre bær i all slags vêr, høgare temperatur gjer tidlegare modning og plantane blir mindre utsett for sopp. Alt saman bidreg til høgare kvalitet, og dermed betre pris på bæra, seier Prestbø.

Selde kyrne

For fem år sidan selde han mjølkekvoten og kyrne.

— Målet mitt er at eg etter kvart skal kunna leva av bærproduksjonen. Då må eg satsa knallhardt på fine bær. Eg skal ikkje ha éin kunde som klagar på kvaliteten på bæra mine. Då blir eg skuffa, seier Prestbø.

I dei skrå bakkane opp frå Fitjar sentrum lyser hallane hans godt opp i landskapet. Under plastduken lar bløminga framleis vente på seg, men Prestbø køyrer minitraktor mellom radene med Glen Ample for å halda graset nede.

— Fram til 17. mai låg vi tre veker etter normal sesong. Men det varme vêret sidan pinse har hjelpt godt, slik at vi no ligg berre ei veke på etterskot. Knoppskytinga har også vore meir ujamn i år enn i fjor, forklarar Prestbø.

Andre veka i juli håpar han å kunna tilby dei første korgene med store raude bær, og trur sesongen i år vil vara fem-seks veker.

30 bærprodusentar no

Prestbø er ein av fleire bønder i Hordaland som dei siste fire-fem åra har gått over til å satsa på bær.

— For ti-femten år sidan var bærproduksjonen i fylket i ferd med å døy ut. Men takka vere Prestbø og fleire andre som har vald å satsa, er talet på aktive bærprodusentar i fylket kome opp i rundt 30. Fleire andre er på veg inn, så om eit år eller to er vi truleg oppe i rundt 40 produsentar, seier rådgjevar for bær i Norsk Landbruksrådgivning Hordaland, Henrik Tellevik.

Tradisjonelt har dei fleste bærprodusentane drive med jordbær, men tendensen no er at dei fleste nye gjer som Prestbø og satsar på bringebær.

Maksimalt resultat

— Min plan var eigentleg å satse på bjørnebær, men eg følgde rådet frå Tellevik som meinte at dei nordvende skråningane her eigna seg best for bringebær, seier Prestbø.

Med over fem tonn avling på to dekar med bringebær i fjor fekk han bevis for at det var eit godt val.

— Det er veldig godt. Då fekk du maksimalt ut av det, kommenterer Tellevik.

— Eg greier nok ikkje å få like godt resultat i år, seier Fitjar-bonden.

Full jobb utanom

Heilt sidan han tok over garden frå foreldra i 2001 har han hatt fullt arbeid som tømrar ved sidan av. I tillegg til bær har han ti-tolv ungstutar på beite i sommarhalvåret, før dei går til slakt i oktober.

— På eigedomar med små areal gjeld det å tenkja utradisjonelt. Målet er at bærproduksjonen skal gje hovudgrunnlaget for å leva av gardsdrifta om to-tre år. Alt neste år er planen å redusera tømrarjobben til 50 prosent.

Etter at han i 2010 planta to dekar med bringebær, har han gradvis utvida, og vil neste år koma opp i 6,5 dekar med målsetjing om ein produksjon på rundt ti tonn.

Trass i rådet frå Tellevik har han også litt bjørnebær, men det utgjer berre eit dekar.

— Målet er å koma opp i ein brutto omsetnad på rundt ein million kroner på gardsdrifta, seier Prestbø. Men investeringar i tunnelar skal nedbetalast og lønn til plukkarar og andre kostnader skal dekkast før han kan ta ut si eiga løn.

Jordbær på Tysnes

Arnt Bakke på Årbakka på Tysnes er medeigar i den største samdrifta innan mjølkeproduksjon på Tysnes, med 60 kyr og ein kvote på 450.000 liter mjølk, og har i tillegg 50 vinterfora sauer. I sju-åtte år har han saman med naboen Åge Mæland produsert jordbær, og er no oppe i eit areal på sju dekar.

— For meg ville det vera ein draum å driva berre med jordbær. Men det blir nok ikkje aktuelt. For det første driv eg jordbær i samdrift. Dessutan vil vi ikkje auka bærproduksjonen meir enn det vi kan selja direkte sjølv.

Både Bakke og Prestbø var utan kunnskap om bær då dei sette i gang, og begge seier at det er takka vere gode råd og oppfølging frå Henrik Tellevik og Norsk Landbruksrådgivning Hordaland dei har fått så gode resultat.

Passar ikkje alle stader

Henrik Tellevik, som sjølv er jordbærprodusent på Ask, seier at langt frå alle stader i Hordaland er eigna for bærproduksjon. Det handlar om mange faktorar som for eksempel jordsmonn, temperatur og nedbør.

— Som oftast er areala på ein gard som er eigna for jordbær små, slik at bærproduksjon må kombinerast med anna arbeid. Men det er ikkje alltid like enkelt. Du kan ikkje vera i Nordsjøen når viktige ting skjer i åkeren. For at dette skal passa, må du helst vera fleksibel i det andre du held på med, seier Tellevik.

Hordaland er eit lite bærfylke, men også for Norge er bærproduksjonen på veg opp, spesielt for bringebær, ifølgje informasjonssjef Britt Kåsin i Opplysningskontoret frukt og bær.

— Kvaliteten på norske bringebær er veldig god, og nye dyrkingsteknikkar i tunnel gjer det aktuelt for produsentar også i Nord-Noreg å satsa på bringebær, seier Kåsin.