Sjølv alle skilta med innkøyring forbode på Nygårdshøyden er registrert på det elektroniske kartet som oppstartfirmaet Phonetica i — Sailporten - på Tvildemoen baserer produktet sitt på.

— Vi har sett saman satelittnavigering (GPS), elektroniske kart og språktreknologi over mobiltelefon til ein effektiv trafikklos, seier dagleg leiar Arild Noven til Bergens Tidende.

Saman med Stein Tore Klovning og Christian Watkins jobbar han fram produktet på eit av kotora i brakkeriggen til SPNE på Tvildemoen.

— Elektroniske kart på ein skjerm i bilen er like trafikkfårlege som eit utbrettskart på papir, og blir forbode, påpeikar Noven.

Difor har Phonetica basert seg på språkteknologi. Når du ringer opp basen, finn GPS ut nøyaktig kvar du er, maksimalt fem meter avvik, og du seier kvar du vil. Så får du beskjed over høgtalaren nøyaktig korleis du skal køyra; sving til venstre i neste kryss, osb. Du kan også spørja etter næraste restaurant, til dømes, og bli losa dit.

Elektroniske kart er no godt utbygt over store deler av verda slik at systemet også kan losa nordmenn på norsk i utlandet. Det vert også arbeidt med utgåver på framande språk, til glede for eksempel for tyske bubilturistar på tur her i landet.