I enden av ein smal og svingete veg ligg garden Njåstad på Osterøy.

Mens andre gir opp og legg ned gardsdrifta, har Svein Jarle Njåstad bygd ny fjøs der datamaskina er avløysar.

— Det er lettare å vera bonde på denne måten seier han.

Etter å ha stått opp klokka fem kvar morgon i alle år, kan han no liggja frampå mens ein robot tar seg av melkinga.

Dyrevelferd

Kyrne veit sjøl kor dei skal gå og kva dei skal gjera.

— Vi var forberedt på store problem den første tida. Men dyra fant fort ut av alt saman, fortel Kjerstin Njåstad. Ho er kone på garden og part i satsinga.

I dag er det 40 kyr som går i lausdrift i den nye fjøsen, men det er plass til 20 til.

Melkekvoter har dei leigd eller kjøpt hos andre bønder som gir opp gardsdrifta.

Spa-avdeling

Ein stor gul kost heng frå taket. Når ei ku kjem borti, begynner kosten å gå rundt.

Dette lærte dei også fort, fortel

— Dei stod i kø for å få kjenna på kosten. Vi var nesten litt redd dei skulle få skader av den stive kosten, fortel Kjerstin.

Nye krav seier alle fjøs skal vera bygd på denne måten i 2024.

Lausdrift

— Alle som byggjer fjøs i dag byggjer for slik lausdrift, seier Ola Alne i Tine.

Han kan fortelja det har vore vanleg med samdrift der fleire bønder går saman om ei slik satsing. I Tine Vest sitt område fins det 362 slike samdrifter.

— Men etter det vart tillate å leiga kvotar, ser vi at fleire satsar åleine, fortel han.

Ei samdrift kan ha kvotar opp til 750 000 liter melk. Ein som står åleine, opp til 400 000 liter.

Eit gjennomsnittsbruk leverer i dag knappe 100 000 liter melk.

Store endringar

  • Vi ser ei tydeleg strukturendring. Talet på leverandørar går ned, men dei som er igjen vert større.

Melkeautomaten er likevel ikkje vanleg i vestlandske fjøs.

23 automatar som den på Njåstad, står som avløysarar i fjøs i Hordaland.

Kyrne står i kø for å koma inn i båsen der automaten straks går i gang.

Robot

Armen vaskar kvart jur etter å ha leita seg fram med eit lite kamera og litt blinkande raudt søkelys.

Melkemaskina vert festa med same presisjon og kvar dråpe melk vert registrert.

Datamaskina kjenner kvar ku og passar på at alle får si mengde kraftfôr og at det går minst seks timar mellom kvar melking.

— Eg reknar med å auka mengda melk frå kvar ku berre ved at dei får gå fritt og bestemma melkinga sjøl, seier Njåstad.

Han og kona som er midt i førtiåra, reknar med å ha skapt noko som andre kan overta når den dagen kjem.

— No har vi lagt til rette, meiner Svein Jarle Njåstad.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!

BONDEN. Svein Jarle Njåstad smiler mens det meste går automatisk i den nye fjøsen.
SPA-AVDELING. Den roterande kosten er populær blant kyrne.
LAUSDRIFT. Dyra står ikkje lenger på bås.