• To view this page ensure that Adobe Flash Player version 10.1.0 or greater is installed.

    Get Adobe Flash player

    Robot møter ku

    Store endringar skjer i norske fjøs.

    VIDEO:

Her er robotfjøset

Nye tider for både kyr og bønder.

I enden av ein smal og svingete veg ligg garden Njåstad på Osterøy.

Mens andre gir opp og legg ned gardsdrifta, har Svein Jarle Njåstad bygd ny fjøs der datamaskina er avløysar.

- Det er lettare å vera bonde på denne måten seier han.

Etter å ha stått opp klokka fem kvar morgon i alle år, kan han no liggja frampå mens ein robot tar seg av melkinga.

Dyrevelferd
Kyrne veit sjøl kor dei skal gå og kva dei skal gjera.

- Vi var forberedt på store problem den første tida. Men dyra fant fort ut av alt saman, fortel Kjerstin Njåstad. Ho er kone på garden og part i satsinga.

I dag er det 40 kyr som går i lausdrift i den nye fjøsen, men det er plass til 20 til.

Melkekvoter har dei leigd eller kjøpt hos andre bønder som gir opp gardsdrifta.

Spa-avdeling
Ein stor gul kost heng frå taket. Når ei ku kjem borti, begynner kosten å gå rundt.

Dette lærte dei også fort, fortel

- Dei stod i kø for å få kjenna på kosten. Vi var nesten litt redd dei skulle få skader av den stive kosten, fortel Kjerstin.

Nye krav seier alle fjøs skal vera bygd på denne måten i 2024.

Lausdrift
- Alle som byggjer fjøs i dag byggjer for slik lausdrift, seier Ola Alne i Tine.

Han kan fortelja det har vore vanleg med samdrift der fleire bønder går saman om ei slik satsing. I Tine Vest sitt område fins det 362 slike samdrifter.

- Men etter det vart tillate å leiga kvotar, ser vi at fleire satsar åleine, fortel han.

Ei samdrift kan ha kvotar opp til 750 000 liter melk. Ein som står åleine, opp til 400 000 liter.

Eit gjennomsnittsbruk leverer i dag knappe 100 000 liter melk.

Store endringar
- Vi ser ei tydeleg strukturendring. Talet på leverandørar går ned, men dei som er igjen vert større.

Melkeautomaten er likevel ikkje vanleg i vestlandske fjøs.

23 automatar som den på Njåstad, står som avløysarar i fjøs i Hordaland.

Kyrne står i kø for å koma inn i båsen der automaten straks går i gang.

Robot
Armen vaskar kvart jur etter å ha leita seg fram med eit lite kamera og litt blinkande raudt søkelys.

Melkemaskina vert festa med same presisjon og kvar dråpe melk vert registrert.

Datamaskina kjenner kvar ku og passar på at alle får si mengde kraftfôr og at det går minst seks timar mellom kvar melking.

- Eg reknar med å auka mengda melk frå kvar ku berre ved at dei får gå fritt og bestemma melkinga sjøl, seier Njåstad.

Han og kona som er midt i førtiåra, reknar med å ha skapt noko som andre kan overta når den dagen kjem.

- No har vi lagt til rette, meiner Svein Jarle Njåstad.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!

Les også

Siste fra Økonomi

- Vi får ikke fylt bensin

Shell-stasjonene over hele landet sliter på grunn av teknisk feil.

- Facebook vil kjøpe
opp norsk nettleser

Opera kan havne i Mark Zuckerbergs hender, ifølge amerikansk teknologinettsteder.

Denne gjør dem styrtrike

Mens mesteparten av oljepengene går i statskassen, har oppdrettnæringen gjort flere hundretalls familier langs hele kysten styrtrike.

Putin legger press på Statoil-sjefen

Helge Lund fikk klar beskjed da han tilsynelatende var kalt inn på teppet hos Vladimir Putin i går. Putin vil at Lund åpner pengekranen innen en måned, og bygger ut gassfeltet Stockman i Barentshavet.

Alt du sier og gjør, kan og vil bli brukt mot deg. Av Facebook.

Begrepet «What happens in Vegas, stays in Vegas» gjelder på ingen måte for Facebook, skriver Even Teimansen.

Relaterte bilder

BONDEN. Svein Jarle Njåstad smiler mens det meste går automatisk i den nye fjøsen.

SPA-AVDELING. Den roterande kosten er populær blant kyrne.

LAUSDRIFT. Dyra står ikkje lenger på bås.

Mest lest på økonomisiden

Valutakalkulator

Rekrutteringsselskaper

NYTTIGE VERKTØY

Lånekalkulator Levert av

Valutaer, børser og olje

Valuta +/- Siste
 
USD
-0,01 6,02
 
SEK
+0,00 0,84
 
EUR
-0,03 7,53
 
GBP
-0,03 9,42
Børs +/- % Siste
 
Oslo Børs
+0,09% 392,17
 
Dow Jones
-0,23% 12 502,43
Olje +/- Siste
Nordsjø +0,43 106,98

I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer

Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer

Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer

Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer

Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer

Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer

Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer

Hovedindeks

Dette deler våre lesere på Facebook:

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger