Øvst på lista står kjeveortoped Nils Åge Førsund ved tannlækjarsenteret Tanngarden i Os, med ein inntekt på vel fire millionar kroner. Førsund doblar med dette inntekta si frå i fjor.

— Eg tok ut eit stort utbytte fordi eg byggjer meg hytte, så dette er ikkje pengar tent i fjor, seier Førsund.

Offentleg takst

Han ser ingen grunn til å klage på lønsnivået til kjeveortopedane.

— Eg synest vi tener rikeleg. Me nyttar offentleg takst og har ikkje noko ekstra påslag, og synest me lever godt av det, seier Førsund som betalte nær 1,5 millionar i skatt i fjor.

Som ein god nummer to på lista finn me tannlege Jan Ove Øen på Stord, med ein inntekt på 3,7 millionar kroner. Også her skuldast mykje av inntekta utbytte frå praksisen. Øen viser til lange arbeidsdagar som ein av grunnene til dei høge løningane til kjeveortopedane.

— Eg har hatt lange arbeidsdagar, sikkert mellom 50 og 60 timar i veka. Det er ikkje alltid snakk om stoltid, men mykje etterarbeid og planlegging, seier Øen.

Utifrå formue er den klart rikaste kjeveortopeden i Hordaland Randi Jebsen Arnesen. Ho har ein formue på over 67 millionar kroner.

Store variasjonar

Kommunikasjonssjef i Tannlækjarforeininga, Morten Harry Rostad, tør ikkje påstå at kjeveortopedane har det meir lukrativt enn allmennpraktiserande tannlækjarar.

— Det varierar nok like mykje som mellom vanlege tannlækjarar, avhengig av om det er ein liten eller stor praksis.

- Er du nøgd med lønsnivået til kjeveortopedane?

— Me har ikkje noko spesielt å utsetje på lønsnivået til tannlækjarane generelt. Det varierar frykteleg mykje, både med arbeidsinnsats og etter kvar ein jobbar. Eg trur du finn ekstremt store variasjonar.

At brorparten av kjeveortopedane i Hordaland tenar godt over millionen synest ikkje Rolstad folk bør reagere på.

— Viss dei har gjort ein god jobb og jobbar mykje for det så er ikkje det eit problem. At folk tener mykje er korkje problematisk i tannlækjarbransjen eller i andre bransjar, seier Rostad.

Ein av tre får regulering

BT skreiv i sommar at Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) har betalt 2,3 millionar kroner i refusjonar til kjeveortopedar i Noreg. Berre i 2013 vart det betalt ut 561 millionar, ei auke på 24 prosent samanlikna med 2008. I tillegg til dette betalar pasientane ein eigendel.

Rundt ein av tre unge får i dag tannregulering heilt eller delvis betalt av staten. Det er ein større andel enn Danmark og Sverige. Nestleiar i helsekomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), uttalte til BT at ho stiller spørsmål ved om såpass mange barn treng tannregulering finansiert av det offentlege.

szd0b30a (1).jpg
NTB Scanpix