Det kjem fram i årsrapporten frå Kemneren i Bergen, offentleggjort onsdag.

Dei har avdekkja at arbeidsgjevarar i kommunen heldt vekke meir enn 68,6 millionar lønskroner frå innmeldinga i 2013.

— Me sjekkar kva slags ytingar som skulle vore meldt inn som løn. Finn me løn eller andre ytingar, som fri bil eller liknande, og som ikkje er meldt inn, så blir det eit avvik, seier kontrollsjef Christine Due Sivertsen ved Kemneren i Bergen.

Basert på tillit

Alle ytingar som meldast inn gjev grunnlag for kor mykje ein skal betala i arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk.

I 2012 utgjorde forskotstrekket over 20 milliardar kroner for Bergen kommune. Talet for i fjor er enno ikkje kjent.

Heile systemet rundt innrapportering av løn og ytingar er bygd opp rundt tillit — altså at arbeidsgjevarane sjølve har ansvar for å melda inn riktige beløp.

— Desto færre avvik, desto betre. Men berre viss arbeidsgjevarane handla riktig i utgangspunktet. Alt me gjer, anten på informasjonssida eller kontrollsida, skal føra til auka etterleving totalt sett, seier Sivertsen.

Færre kontrollar

Trass færre kontrollar, låg beløpet for manglande innraportering i 2013 litt lågare enn i 2012. Den gong lét arbeidsgjevarane vere med å melde inn rundt 73,6 millionar kroner.

Resultatet for i fjor blir derimot sett på som godt, og «speiler høy kvalitet på de gjennomførte kontrollene», konkluderast det i rapporten.

— Kontrollane våre er av god kvalitet fordi sjølve utveljinga i forkant er god. Det hjelper ikkje å gjennomføra kontrollar hjå dei som gjer alt riktig, seier Sivertsen.

Skattedirektoratet har krav om at fem prosent av den totale arbeidsgjevarmassen i kommunen skal kontrollerast. I Bergen låg dette på litt over fire prosent i fjor, eller totalt 387 kontrollar.

Blir tipsa

Nokre av arbeidsgjevarane som blei tekne for feilrapportering var alt utpeika av kemneren på førehand.

Tips frå publikum, konkurssaker og iaugefallande inntekts- og utbyttenivå var også med på å finna fram til lovbrytarane.

— Eitt av kriteria våre er at revisor har gitt merknad på at arbeidsgjevar ikkje har oppretta konto for skattetrekk. Utan det kjem ein ikkje særleg langt når det gjeld å betala inn riktig skatt, seier kontrollsjef Sivertsen.

KONTROLLERER: Kontrollsjef Christine Due Sivertsen ved Kemneren i Bergen.