Like før opninga av gigantbrua over Eidfjorden kranglar Vegvesenet og det danske firmaet KB Electrotech om oppgjer for elektroarbeida på anlegget. Striden står om forståinga av avtaleverket som regulerer timebetaling og diett for rundt 25 elektrikarar frå Polen og Baltikum. Frå før er byggherren for Hardangerbrua i konflikt med det danske entreprenørselskapet MT Højgaard om det Arbeidstilsynet har karakterisert som grove brot på arbeidstidsreglane.

Sjølvsagt er vi forplikta til å følgja norsk regelverk

KB Electrotech meiner at fellesovereinskomsten for byggfag gjeld for deira kontrakt på Hardangerbrua. Statens vegvesen Region vest held hardnakka på landsovereinskomsten for elektrofag, og har sidan midten av mai halde tilbake 3,4 millionar kroner som KB Electrotech skulle hatt utbetalt.

— Sosial dumping

Byggfag-avtalen gir høve til lågare timesatsar enn elektrofag-avtalen. Fagarbeidarane til KB Electrotech har ifølgje opplysningar gitt til Vegvesenet fått 136 kroner timen i Hardanger, 49 kroner lågare enn minstelønna som gjeld for elektrofagarbeid i Noreg.

— Dette er sosial dumping. Vi har arbeidd med denne saka sidan desember i fjor, og drøftar no med Vegvesenet korleis vi kan unngå tilsvarande i framtida, seier Åge Blummenfelt, organisasjonssekretær for Elektroarbeidernes Fagforening i Bergen. Han er nøgd med at Statens vegvesen har teke affære overfor det danske selskapet, men er kritisk til at etaten si anbodshandtering.

— Det går tydeleg fram at Vegvesenet har vore oppteke av billegaste anbodet, ikkje av gjennomføringsevna i prosjektet, seier han.

KB Electrotech har gjennom revisjon- og rådgjevingsselskapet KPMG i Noreg kravd uteståande oppgjer utbetalt frå Vegvesenet straks. KPMG viser til at KB Electrotech i eit pågåande oppdrag på E6 i Størdal har avtale med Statens vegvesen Region midt om avlønning etter byggfag-tariff. Det har fått Region vest til å be Vegdirektoratet skjera gjennom i striden rundt Hardangerbru-jobben.

Vil unngå ulik tolking

— Det er ei nokså open forskrift som gjeld løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Vi vil at direktoratet tek ei avgjerd og får etablert ei koordinert nasjonal forståing, slik at vi unngår ulik avtaletolking frå region til region, seier Kjartan J. Hove, prosjektsjef i Statens vegvesen Region vest.

Grunna ferieavvikling vil Vegdirektoratet truleg ikkje kunna ta ei avgjerd før etter at Hardangerbrua er opna laurdag 17. august.

Leiinga i KB Electrotech i Danmark er også på ferie og utilgjengeleg for kommentar, det same gjeld advokaten i KPMG som representerer selskapet i Noreg.

- Vil betale

— Sjølvsagt er vi forplikta til å følgja norsk regelverk, sa Jan Gram, toppsjef i KB Electrotech, til Bergens Tidende i januar i år. I april skreiv KPMG til Statens vegvesen at «Elles vil KB Electrotech betale arbeidarane den lønn og utgiftsdekning de har krav på etter ATB under gjeldande avtale.» ATB står for Allmenngjort tariff for byggfag.

KB Electrotech har sidan 2007 vunne eit dusin anbod hos Statens vegvesen. Hardangerbru-kontrakten blei sikra i 2011 ved at selskapet leverte rimelegaste tilbod med 59,7 millionar kroner, ein halv million billegare enn bergensfirmaet Magnus M. Thunestvedt, og heile 25,5 millionar under dyraste tilbod. KB Electrotech har ifølgje det regionale næringsfondet Væksthus Midtjylland fått dansk prosjektstøtte til å etablera avdeling i Polen for å rekruttera polske elektrikarar.