Mindretalet vil bruke forkjøpsretten fylket har til aksjane som er til sals, for deretter å selje seg ned i selskapet.

350 millionar

Sunnmøreselskapet Havila skal overta Møre og Romsdals aksjepost på 41 prosent i transportkonsernet for kring 350 millionar kroner.

Ifølgje avtalen som blei inngått då Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar slo seg saman og danna Fjord1 tidleg på 2000-talet, har Sogn og Fjordane forkjøpsrett til eigardelen.Dei fem utvalsmedlemene frå Sp, Ap og SV står saman om å godta at Havila kjem inn på eigarsida, men vil halde fram som majoritetseigar. Mindretalet, H, V og Frp, vil først nytte forkjøpsretten, for deretter å føreta eit nedsal.

Negativ kontroll

Fylkesrådmann Jan Øhlckers gjekk inn for at Sogn og Fjordaneskulle selje 25 prosent av sine aksjar. Fylket ville dermed sitje att med ein eigardel på 34 prosent, og ha såkalla negativ kontroll med selskapet.

Møtet i fylkesutvalet i dag blei halde bak stengde dører. Den endelege avgjerda blir teken i eit ope fylkestingsmøte komande torsdag.

Fjord1 er eit av dei største transportkonserna i landet. Hovudkontoret ligg i Florø.