Detraudgrøne fleirtalet i fylkestinget godtek Havila som eigar av aksjeposten tilMøre og Romsdal fylkeskommune, men vil ikkje selje sin eigardel.

Utfallet av den omstridde saka blei klart på eitekstraordinært møte i fylkestinget no i ettermiddag.

— Vi ønskjer å halde på eigardelen på 59 prosent.Grunnen er at vi vil ha ei sterk hand med selskapsutviklinga ogeigarskapsutviklinga i Fjord1. Men det er viktig at Fjord1 får inn einkommersiell og industriell aktør på eigarsida. Vi ser på Havila som ein seriøssamrbeidspartnar som deler våre mål for selskapet, sa Jenny Følling (Sp) idebatten.

Engasjert debatt

Og slik blei det også. Men 23 av 39 representantar var detpå førehand klart at Sp, Ap og SV ville få eit klart fleirtal for sitt syn.Likevel blei det ein engasjert debatt i tingsalen.

— Men Havila inn på eigarsida, vil vi få eitsterkt selskap med lokal forankring, sa varaordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Eit mindretal, H, Frp og V, ville bruke forkjøpsretten,overta heile selskapet og deretter setje i gang prosessen med eit nedsal.

— Vi har ein forkjøpsrett. Det er no vi kan styreog oppnå det beste resultatet, det kan vi ikkje seinare. Løysinga fleirtaletlegg opp til, vil gje negative økonomiske effektar for fylket. Verdien av våreigardel blir redusert, sa Mathias Råheim (H).

- Kan bli skvisa

Følling skulda Høgre og Frp for å drive risikosport når deiville bruke forkjøpsretten til aksjane, for deretter å selje.

— Havila kan då bli skvisa. Vi risikerer å sitjeatt med konkurrentar som kjøparar. Då kan fort arbeidsplassar og hovudkontoreti Florø kome i spel. Og vi veit heller ikkje korleis Konkurransetilsynet vilstille seg til.

Påstanden skapte sterke reaksjonar hos dei to borgarlegepartia.

— Ekspertane som er brukt som konsulentar i dennesaka, rår alle frå den løysinga fleirtalet no går inn for. Det er dei raudgrønesom driv risikosport, sa Frank Willy Djuvik (Frp).

Som det einaste partiet gjekk KrF inn for å selje 25 prosentav aksjane fylket sit på, slik fylkesrådmann Jan Øhlckers hadde tilrådd.

— Selskapet signaliserer at det i framtida vilvere behov for stor kapitaltilgang. Kan vi stille opp med det? Dersom ikkje,vil det vere å byggje ned vårt eige selskap, sa Trude Brosvik.

Eit slikt vedtak ville gje Sogn og Fjordane ein eigardel på34 prosent og såkalla negativ kontroll med selskapet, som mellom anna kanbrukast til å hindre at hovudkontoret blir flytta frå Florø.

- Som hand i hanske

Den nye medeigaren i Fjord1, Havila, er eit selskap medhovudkontor i Fosnavåg på Sunnmøre eigd av Pær Sævik og familien hans.Konsernet driv og har eigarinteresser innanfor ulike bransjar som shipping,verftsindustri og eigedom. Mellom anna eig Havila det store skipsverftet iLeirvik i Hyllestad.

Mot slutten av ordskiftet i fylkestinget snakka styreleiar iFjord1 og fylkestingsrepresentant Jarle Skartun (Sp) varmt for å fåsunnmøringane inn på eigarsida:

— Havila vil passe oss som hand i hanske. Dei erlokalisert på Nord-Vestlandet og har stor kompetanse innanfor den maritimesektoren.

Synspunkter på saken? Si din mening her.