Dei to siste åra har tilhengjarprodusenten på Osterøy leigde inn mellom tre og fem ekstra personar i høgsesongen frå februar til august.

— Sånn som stoda er no har vi ikkje planar om bruk av innleigd arbeidskraft neste år, seier Nilssen.

Halvparten av dei 70 tilsette har nettopp fått permitteringsvarsel. Når varselet vert sett ut i livet blir det halv dag for dei. Då er det ikkje lenger bruk for ekstrahjelp. Og i følgje Nilssen er innleigd arbeidskraft brukt som ein buffer, slik at bedrifta ikkje skal måtte seie opp fast tilsette når salet går ned.

Vekstbransje

Bemanningsbedriftene har hatt ein veldig oppsving under den økonomiske oppturen. Frå første kvartal 2003 til toppen i tredje kvartal i fjor, har utleigeverksemda blitt tre gongar så stor (sjå grafikk) som den var.

**Les kommentaren:

Fem fantastiske år**

Kring 1,5 prosent av utførde årsverk i arbeidslivet vert gjort av folk som har jobb gjennom bemanningsselskap, i følgje forskar Kristine Nergaard ved forskingsstiftinga Fafo.

— Det har vakse veldig mykje, knytt til høgkonjunkturen vi har hatt siste åra, men det har også vore ein vekst i bransjen knytt til dereguleringa rundt 2000 (som mellom anna opna opp for arbeidskraftutleige til byggjebransjen og industrien).

Se grafikk nederst i saken.

Storbritannia toppar bruken av bemanningsbyrå i Europa. Der er mellom 2,6 og 5,1 prosent i jobb gjennom denne bransjen i følgje ein EU-rapport frå 2006. Oljesmurt

Oljemessa i Bergen i oktober var rekordstor for åttande år på rad i år.

Her er marknadssjef Liv Nordanger i Vex-Gruppen på heimebane, bemanningsfirmaet i Fjell har spesialisert seg på den heitaste av alle bransjar i norsk økonomi, oljebransjen.

Oljeprisen er framleis høg nok til å halde optimismen oppe.

Men Nordanger registrerer likevel to endringar.

  • Arbeidsgivarane er ikkje like lystne på å gi folk fast jobb med ein gang.

— I vår ville folk ha fast tilsette, no vil mange heller ha vikarar, seier ho.

  • Det er slutt på at folk kjem til byrået for å få eit tilbod om ny jobb som dei berre skal bruke til å presse opp løna i jobben dei alt har. «Shopparane», som Nordanger kallar dei, er borte.

— Vi var ein god del borte i dette i fjor, seier Nordanger.

Stopp i byggjebransjen

Hos Adecco, som er stor på utleige av arbeidskraft til byggjebransjen, er omslaget i arbeidsmarknaden langt meir merkbart.

— Vi har merka ein markert utflating frå andre kvartal, først og fremst innan byggjebransjen, seier regiondirektør Hilde Lekven i Adecco.

Fleire søkjer seg også mot bemanningsselskapa.

Men trass i omslaget i byggjebransjen, Adecco og resten av dei i alt 12 bemanningsselskapa vi har vore i kontakt med, melder ikkje om ein omfattande nedtur, berre eit omslag. Det er også ei gjennomgåande tru på at bedrifter vil leige inn fleire frå bemanningsselskapa i usikre tider, rett og slett fordi dei ikkje torer å gi folk fast jobb sjølv om dei har nok av oppdrag.

— Vi har ein stor auke i dei andre områda (utanom byggjebransjen). Her på Vestlandet foregår det ei stor verdiskaping innan olje- og gassbransjen, som gir ringverknader. Den utflating vi har sett i mitt marknadsområde har vi sett først og fremst i Bergen, i dei andre område er det høg aktivitet, seier Lekven.

Bransje på vippen

— Ofte er tilsette gjennom bemanningsbyrå mellom dei første som må gå i nedgangstider, seier professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen BI, Espen R. Moen.

Men han gir likevel ein viss støtte til dei bemanningsbyråa som trur at uvissa om korleis økonomien skal utvikle seg kan gi dei meier å gjere.

— Akkurat no, når økonomien står og vippar, kan det tenkast at folke er veldig redde for å tilsette, fordi det då blir vanskeleg å redusere kostnadene. Men den dagen den økonomiske nedgangen er eit faktum vil bemanningsbyråa bli ramma, seier Moen.

Artikkelen fortsetter under grafikken.

Se bunnlisten her

Bjørn Erik Larsen
Høvik, Tor
Bjørn Erik Larsen