— Heksekost er den verste eplesjukdomen i Europa. Ei kartlegginga vi starta på i fjor, viser at sjukdomen finst i eit større omfang her i landet enn vi har vore klar over, seier rådgjevar Brita Toppe i Mattilsynet.

Arne Lofthus dyrkar eplar i Ullensvang, der utbrotet er størst. Her har dei funne heksekost på fire planteskular og hos 27 eplebønder. Lofthus reknar med at han har tapt kring 100.000 kroner på sjukdomen.

- Kva er årsaka til at Ullensvang verkar vere så utsett?

— Eg trur det rett og slett er fordi det er mykje fruktdyrking her, seier han.

TRUR PÅ NÆRINGA: Fruktbonde Arne Lofthus meiner dei vil klare å halde sjukdomen i sjakk, når infiserte tre no blir fjerna. Sjølv har han felt kring 200 tre. ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

Fryktar fleire funn

I tillegg til dei 59 stadene der Mattilsynet har påvist heksekost, er det no inne prøver til analyse frå ytterlegare 12 eigedomar i Hardanger. Når tilsynet utvidar undersøkingane i sommar, fryktar dei dessutan at sjukdomen kan bli oppdaga på langt fleire bruk.

— Vi trur ikkje bakterien kan slå ut eplenæringa, men det er ikkje tvil om at det er ein alvorleg sjukdom som kan gje store tap for dyrkarane, seier Toppe i Mattilsynet.

I Hardanger er heksekost påvist på 32 eigedomar i Ulvik og Ullensvang. Mattilsynet har dessutan mistanke om at sjukdomen også har spreidd seg til Granvin.

I Sogn og Fjordane er eplesjukdomen funnen hos 26 produsentar i Balestrand, Leikanger, Sogndal, Lærdal, Aurland og Gloppen. Flest tilfelle er påvist i Sogndal. Sjukdomen er også påvist i Buskerud, Telemark og Vestfold.

Små og smaklause

Bakterien infiserer leidningsvevet til treet og kan gje ulike slag vekstforstyrringar. Avlingane blir mindre. Epla som kjem på trea blir både små og smaklause, og er ueigna som salsvare. Smitten kan liggje latent i aplane, noko som gjer det vanskeleg å identifisere sjukdomen.

Bakterien heksekost har truleg vore i landet sidan 1970–talet, men det var først hausten 2010 at sjukdomen blei registrert i noko omfang. Alarmen gjekk, og i fjor blei sett i verk eit overvakings– og kartleggingsprogram.

— Vi er ikkje sikre på korleis sjukdomen kom til landet. Men ein teori er at det kan ha skjedd med importert plantemateriale. Og sidan bakterien blei funnen første gong på 1970-talet, kan det stemme med at aroma då blei innført i norske frukthagar. Dette er ein eplesort som blei importert, fortel Toppe.

Insekt

Forskarar har lenge trudd at sjukdomen spreidde seg plantemateriale som podekvistar og grunnstammer, og at den dermed ville vere lett å stoppe framveksten av. Men no tyder mykje på at sjukdomen også kan spreie seg via eit insekt.

— Det er snakk om eit bladsugande insekt som er påvist her i landet. Men vi veit for lite om kor stor populasjonen er av dette insektet, og dermed kor viktig det er for spreiinga. Planteskular i dei mest utsette områda har no lagt produksjonen av plantemateriale i plasthus for å hindre smittespreiing, seier Toppe.

Epledyrkarar som får påvist sjukdomen må hogge dei sjuke trea. Ifølgje Mattilsynet er kring 23.000 aplar felt så langt. Deretter må dei behandle stubben med eit plantevernmiddel som drep røtene slik at det ikkje skal kome opp nye rotskot med sjukdomen.

Fruktdyrkar Arne Lofthus er optimist med tanke på å slå tilbake heksekost.

— Bakterien er ei stor plage, men det er ikkje noko katastrofe for næringa, seier han.

— Når vi no får rydda vekk tre som er smitta og erstatta dei med nye, trur eg vi skal greie å halde sjukdomen i sjakk. Men det blir veldig viktig at vi dyrkarane har tilgang på godt og friskt plantemateriale, legg han til.

Fruktdyrkarar som får påvist sjukdomen kan søkje om erstatning etter at dei har gjennomført tiltak.

<b>SYMPTOM: </b>Sideskot som veks fram like etter at epla er hausta, er eit klassisk symptom på eit smitta tre. Desse skota skulle ikkje ha kome før våren etter hausting.
DAG-RAGNAR BLYSTAD