Skipsverftet ytst i Sognefjorden har hatt massiv ordretilgang og voldsom aktivitet så langt på 2000-talet.

Men no peikar pilene nedover, og både innleigde arbeidarar og fast tilsette blir no oppsagt.

– Kjennest ikkje godt

– Det kjennest aldri godt å gjennomføre slike prosessar, men vi er nøydde til å omstille oss. Det inneber upopulære grep, seier verftsdirektør Bente Nesse ved Havyard Leirvik.

Bedrifta har orientert dei tillitsvalde og halde allmannamøte der dei tilsette har fått situasjonen forklart.

– Vi har også starta samtalar med dei enkelte tilsette som blir råka. Vi prøver så langt vi kan å ha ein ryddig prosess rundt dette, seier Nesse.

– Kva betyr det?

– At vi vil følgje ansiennitetsprinsippet så langt vi kan, kombinert med at vi vurderer kompetanse og alder på dei det gjeld. Deretter sender vi ut formell oppseiing i posten.

Utlendingar reiser heim

Då aktiviteten auka ved verftet for rundt fem år sidan, rekrutterte verksemda arbeidskraft både i inn— og utland. Det er såleis både norske og arbeidarar frå utlandet blant dei 40 som no får den nedslåande meldinga.

I tillegg til desse, har verftet allereie redusert talet innleigde arbeidarar til eit absolutt minimum.

– For å ta unna toppane har vi hatt eit stort tal innleigde arbeidarar. No er det mang utanlandske som truleg må reise tilbake, seier Nesse.

Ho trur verftet i Leirvik, som på det meste rundt 2005 hadde rundt 700 i arbeid på verftsområdet, vil vere nede i kring 450 når arbeidet startar igjen etter sommarferien.

200 færre frå hausten av

– Vi vil i alle fall liggje på eit nivå med rundt 200 færre arbeidarar enn kva vi har gjort dei siste åra, seier ho.

Havyard Leirvik har pr. i dag ordrar som gjev arbeid fram til april 2011. Mange arbeidsoppgåver som tidlegare vart gjort av Havyard sine folk, blir heretter sett ut til eksterne firma på fastprisavtalar. I tillegg skal dei dra arbeidet på båtane meir ut i tid.

– Vi har inngått avtalar med kundar som inneber at vi skyv leveringsfristane på allereie inngåtte kontraktar noko fram i tid. Såleis kan vi bruke litt lenger tid og færre folk på arbeidet, seier verftsdirektøren. – Vi får straks inn eit nytt skrog frå Tyrkia, som vi skal starte på like etter ferien.

Verftet i Leirvik i Sogn har hovudkontor og toppadministrasjon plassert i Fosnavåg på Sunnmøre.