Lars Eide (44) etterfølgjer Jan-Tore Elverhaug som administrerande direktør ved Aker Stord idet skroget til Gjøa-plattforma klappar til kai ved verftet etter transporten frå Sør-Korea.

Utskiftinga av toppsjefar ved Kjell Inge Røkkes leiande offshoreverft har skjedd hyppig. Elverhaug har site i stillinga i berre eit år. Han får no ansvar for store nybyggingskontraktar i Aker Solutions.

— Eg ser fram til å overta denne interessante og utfordrande posisjonen på Aker Stord, seier Lars Eide. Det er ikkje fastsett dato for når tid han overtek etter Elverhaug.

Lars Eide - fødd og oppvaksen i Øystese - har vore i Aker Solutions i nær 20 år. Han har hatt fleire leiarjobbar på både Aker Stord og i Aker-prosjekt.

Eide var administrerande direktør ved Aker Egersund frå våren 2004 til hausten 2006, då han blei utnemnt til prosjektleiar for «Gjøa Semi». Det er den halvt nedsenkbare produksjonsplattforma for olje og gass som Aker Stord no byggjer for Statoil/GDF Suez.

Hovudutfordringa for den nye direktøren blir å skaffa Aker Stord nye oppdrag etter at Gjøa er levert neste sommar. Verftet har varsla at permitteringar er sannsynleg inntil nye ordrar kjem til.

Aker Solutions varslar óg at Lasse Wathne (47) overtek etter Tore Engevik som leiar av Aker Elektro. Som Lars Eide har også Wathne 20 år bak seg i Aker Solutions.