— Sånn som det ser ut for meg så vil dette føre til ein kraftig reduksjon i produksjonen i området. Og det kan sjå ut som reduksjonen blir svært ulikt fordelt mellom selskapa seier leiar i oppdrettarorganisasjonen FHL Havbruk, Sveinung Sandvik.

Sandvik understreka at han berre har fått kort tid til å sjå på framlegget frå Fiskeri- og kystdepartementet, og at han vil gå nøye gjennom innhaldet før han kjem med fleire kommentere.

Hardangerfjorden har den høgste konsentrasjonen av oppdrettsanlegg i Norge. Det har også gjort at området er utsett for lakselus og rømming av oppdrettsfisk, og er det er bakgrunnen for at departementet no vil redusere mengda fisk i sjøen.

Best for dei små

I dag har oppdrettarane i Hardangerfjorden løyve til å ha til saman maksimalt 70.000 tonn fisk ståande.

Frå 1. januar 2013 blir taket redusert til 50.000 tonn.

Den praktiske konsekvensen er at det heilt sikkert må bli mindre fisk i sjøen enn det er, fordi oppdrettarane på det meste i fjor hadde 52.800 tonn ståande i anlegga sine.

Departementet vil at reduksjonen i den øvre grensa for kor stor mengde fisk det kan vere pr. konsesjon skal skje slik at dei minste oppdrettarane slepp billegast unna.

Taktskifte

Eit taktskifte og ein gjennomslag for kunnskap frå forsking på verknaden av oppdrettsnæringa, meiner leiar i Hardanger Villfisklag, Sven-Helge Pedersen om framlegget frå departementet.

Laget, med Pedersen i spissen, har i fleire år arbeidd for å betre vilkåra for vill laks og sjøaure i Hardanger.

— Eg tykkjer dette er eit ærleg forsøk på å ta inn att ein situasjon som alle forvaltningsinstitusjonar ei samde om er ute av kontroll. Vi vil vonleg sjå mindre til både rømlingar og luseplager på fisken. Men vi er usikker på om dette er tilstrekkeleg, Vi hadde helt sett ein mykje større reduksjon, seier Pedersen.

Kva synest du om innstramminga? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!