«Flybussbergen» og «Flybussen i Bergen». Ikkje eitt og same konsept, men to ulike. Dagleg leiar Robert Aasmul i førstnemnde har sett seg lei på det han kallar for aping frå konkurrenten, og døyper om heile profilen i selskapet til «Flybuss1» i staden.

Meir synlege

— Tide sin flybuss har endra profilen sin og kallar seg no for «Flybussen i Bergen». Det er så tett opp mot tittelen vår at kundane ikkje klarer å sjå forskjell. Dei hermar etter oss, seier Aasmul.

Nytt selskap og logo er på plass, og merkevarenamnet er sendt til registrering. Det gamle selskapet med det gamle namnet held fram som vanleg driftsselskap.

— Dette er eit vakse val frå vår side. Me distanserer oss vekk frå Tide med å bli meir synlege. Alle dei tilsette er informert om at me endrar profilnamnet, fortel Aasmul.

Avviser kritikk

Tide stiller seg derimot undrande til kritikken. Kommunikasjonsleiar Kaare Enæs avviser at dei på nokon måte har endra namn for å tilpassa seg konkurransen.

— Eg minner om at me har køyrt flybussen sidan 1955. Heilt sidan då har me nytta omgrepet «Flybussen i Bergen» i ulike samanhengar. Dette fell for si eiga urimelegheit, seier Enæs.

Allereie i 2010, i god tid før Aasmul etablerte seg, nytta dei namnet på plakatane sine. Litt lenger attende, i 2007, så byrja dei òg eit samarbeid med dei andre flybuss-selskapa i Noreg under nettportalen flybussen.no, fortel Enæs.

— Og der det jo snakk om flybussen i Bergen, flybussen i Stavanger, Trondheim, Oslo og så vidare. Difor er det heilt naturleg at me nyttar omgrepet i profileringa vår, seier han.

Ny haldeplass

Etter at Flybussbergen røska i flybussmonopolet til Tide i april i fjor, har forholdet mellom dei to vore alt anna enn harmonisk.

Spesielt har haldeplassane på Flesland vore eit problemområde. Her står Tide sin buss nærast utgangsdøra, medan Flybussbergen, no Flybuss1, er plassert lengre vekke.

Om kort tid skal båe flybuss-selskapa få haldeplass på andre sida av gata, på staden som taxiane står på i dag. Det ser Aasmul fram til.

— Avinor har lova oss ny haldeplass om ei vekes tid. Det blir optimalt. Endeleg oppnår me den likebehandlinga me har kjempa for så lenge, seier Aasmul.

Henta millionar

I januar blei det kjent at Flybussbergen hadde køyrt omtrent 7000 tomme avgangar frå Flesland og at eigenkapitalen på tre millionar kroner var tapt.

Men gjennom ein emisjon har aksjonærane skoten inn frisk kapital på fleire millionar kroner, ifølgje Aasmul.

Gründeren innrømmer at dei riggar seg opp for å kunne satsa i Trøndelag, trass i at konkurransen i Bergen viste seg å bli knallhard.

— Me kan ikkje heita Flybussbergen viss me utvidar til Trondheim. Dette gjev oss moglegheit til å stå på vidare. Me har ståltru på konseptet, seier Aasmul.